Hjorten og store snømengder

I det siste har me høyrt og lese om det som skal vera ein “tragedie”. Dette kan me mellom anna lesa om på NRK Sogn og Fjordane, og i Sogn Avis Han eies har tidlegare skrive x antal avisinlegg om foring av hjort og problematikken kring slike tiltak. I kortversjon meiner vel eies at foring av hjort med rundballar, høy, gulrøter, eple og andre landbruksprodukt, det er ikkje bra viss me vil ha ei sunn og frisk hjortestamme. Det som er ok, er at det vert saga ned beitetre av raun, alm, ask, hegg og andre lauvtre. Furu skal visstnok også vera brukbart. Det som står på Balestrand kommune sine heimesider verkar fornuftig. Når ord som “tragedie” og “katastrofeår” vert brukt i media, ser eies det som lite tenleg å delta noko særleg i ein opphausa og kjensleladd debatt, og dermed vera med å kasta bensin på bålet. Ein slik debatt må takast i rolege  former, ikkje under normene og reglane til tabloidpressa.

Overnatting i hjorteskogen

For å få eit meir direkte intrykk av korleis stoda var, tok eies ei overnatting i hjorteskogen på Kaupanger. Ikkje langt frå ein foringsplass la han seg til for natta, utan telt, men med sovepose. Han håpa at han skulle få ein glimt av hjortane i kikkerten sin når rundballen vart køyrt ut om morgonen.

Ved å sitja i ein bil eller ein traktor, kan ein få foringshjortane inn på ein par meters avstand, utan problem. Men kjem ein labbande gjennom skogen, kanskje med hunden i band, er hjortane som regel fordufta når ein nærmar seg foringsplassen. Og sjølv med småe snømengder prøver ein jo å ikkje stressa dyra unødvendig. Det er viktig.

Han eies la seg til høgt oppe i ein bakke med god oversikt. Ut på natta høyrde han dei karakteristiske “bjeffa” frå hjortar som hadde oppdaga han, og skulle åtvara sine artsfrendar mot dette framandelementet i hjorteskogen. Utruleg artig å liggja slik ute i skogen. Hadde han ikkje visst kva dei ulike lydane var hadde han kanskje rømt heim att.

Langs Mannhillervegen

Morgonen og lyset kom. I mørket hadde eies valt ein utruleg ukomfortabel leirplass. Stiv og støl og med store, runde steinar i ei ur som underlag, var det umuleg å finna roen. Han pakka saman og tok og patruljerte litt langs Manhiller-vegen i staden. Mykje hjort å sjå oppe i bakken langs vegen. Ein stad letta det mykje fuglar, og ganske rett: Der låg restane etter ein daud hjortekalv.

Ved vegen til flyplassen

Han eies køyrde oppover mot flyplassen til ein stad der det plar vera mange foringsplassar. Her var snømengdene mykje, mykje større enn i nede i låglandet der eies hadde overnatta. To gonger braka det tiurar ut frå furuene der dei sat og beita. Dei vanlege foringsplassane var ikkje å sjå her i år. Kun ein stad kunne han sjå at det vart fora. Truleg hadde mykje hjort trekkt ned mot sjøen, og foringsplasane var flytte etter.

Kolle med gult øyremerke

Lenger nede møtte me ei kolle med gult øyremerke i venstre øyra. Det er truleg frå det interessante hjortemerkjeprosjektet. Faktisk var her ein del bukkar å sjå, også. Mange stader såg det ut som om at dei flaut fint oppå snøen.

Skog som hjortefor

Nokre stader var det fellt furer og anna skog som hjortane hadde gnege på. Skogen på Kaupanger er i stor grad monokulturar av for det meste furu, men også litt gran. Frå eit hjorteforvaltningssynspunkt, hadde det vore sterkt ynskjeleg med innslag av lauvtre som alm, raun, hegg og fleire. Men skogen på Kaupanger er veldriven, og i tradisjonell skogsdrift var tydelegvis lauvskog noko ein ikkje skulle ha.

Det var tydeleg at furubar og furubork var noko hjorten sette pris på. Får håpa at skogeigarane der ute feller endå meir skog – furu, men også dei innslaga ein finn av osp, selje mfl.

Etter minnet står dette ordtaket hjå Ivar Aasen: “Raunen før, almen gjør, hegg gir merg i legg, selja svelt(er) og vier velter.” Osp er vert også beita av hjorten. Eit par stader såg eg at hjorten hadde gnege på granstammer, men gran er neppe god hjortemat.

Møte med ein godseigar

På veg attende til bilen møtte eies ein skogsarbeidar med motorsag. Karen stoppa saga, retta ryggen og spurde kva syn eies hadde på hjorteforing. Dette skjedde utan mykje nøling … ! Han eies var identifisert og avslørt, og karen viste seg å vera godseigaren som går under namnet “Knagen”.  Godseigartilveret i dag er nok ikkje lenger noko luksisliv, i den grad det har vore det tidlegare, her i Sogn. Knagen og eies hadde ein på alle måtar hyggeleg samtale der karen sjølvsagt la fram sitt syn på hjorteforvaltning og vinterforing. Han eies prøvde å leggja fram sitt syn, men utan å spissformulera  eller provosera. Allemannsretten gjeld også i godsa på Kaupanger, men ein balansert språkbruk frå begge partar, var nok eit klokt val.

Godseigaren viste mellom anna til avskytinga hjå seg siste året, der om lag halvparten av dei fellte dyra var kalvar. Han eies gjekk ut frå at dette var rett, og han ga honnør for dette. Kaupanger er ein typisk vinterbiotop, og eies trekte fram at særleg bukkar trekkjer hit frå saftige sommarsbeite i nærleiken av breane. Begge var me samde om at merkjeprosjektet vil vera til god hjelp i hjorteforvaltninga. Han viste vidare til utale frå Hjortesenteret. På Svanøy prøver dei å byggja opp ein kompetanse innan hjorteforvaltning. Men det er sjølvsagt eit langt og møysommeleg arbeid. Uansett: Dei var begge einige om at slik hjortane har vorte fora på Kaupanger i mange år, var det uansett uforsvarleg å stoppa akkurat no, midt i ein tung snøvinter.

Han eies ga vidare uttrykk for at korleis dei forvalta hjortestamma på Kaupanger, det måtte dei avgjera sjølve saman med viltstyremaktene og det fagfolk seier er god forvaltning.  Likevel må ein hugsa på at hjorten er ein felles eigedom: Det som vert gjort på Kaupanger har betydning for hjorten i Luster – og omvendt. Det eies var mest bekymra for, var at det på bygdeutviklingsseminar og liknande vart poengtert at “bøndene” , i dobbelt tyding, rundt om i Sogn, ikkje utnytta ressursen ved jaktutleige, og at det då skulle bli ein slags “Look to Haukåsen”-politikk der vinterforing inngår som eit viktig tiltak. Dette passar ikkje for dei småe  grendene våre,  det vil neppe vera gunstig for liv og røre i distrikta, og det vil vera til skade for hjortestamma.

Som sagt, samtalen var prega av gjensidig respekt, også då “Knagen” uttalte at det var viktig å ikkje sparka kvarandre på leggene tidleg i debatten. Han eies hadde aldri meint å sparka nokon på leggene, sa han, men at han kunne bli oppfatta slik, kunna han sjølvsagt ikkje gardera seg mot.

Som sagt: Eit hyggjeleg møte. Det blir sikkert fleire turar, og viss dei møtest, skal det bli triveleg å utveksla fleire synspunkt! Einige blir dei neppe, men å utveksla synspunkt ute i skogen er ikkje dumt.

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: