Han eies kastar korti, kva skal han gjera med denne bloggen?

Denne bloggen vart i si tid starta opp for at Luster skulle få villreinen attende til Luster sin del av Breheimen. Håpet var at ein i tillegg til «naturleg» reetablering, også skulle gjera ei utsetjing. Håpet har i det siste svinga, men mykje tyder no på at motmakti innan det etablerte villreinmiljøet og i byråkratiet vert for stor. Dessverre.

At kommunalt tilsette så vel som fylkeskommunalt- og  også statleg tilsette ut frå si private og personlege overtyding brukar makti si til å trenera og påverka utfallet av saker, det er neppe eit sjeldant fenomen. Dei fleste av oss veit nok at det er slik, og dei som har vore i kontakt med maktapparatet veit det rimelegvis betre enn andre. Faglege uttalelsar vert brukte så lenge dei passar makti, men sjeldan lenger.

Alt dette var han eies klar over lenge før han gjekk inn i diskusjonen med dei etablerte i villreinmiljøet og viltforvaltningi. Det skal også presiserast at å påstå at dette er verre i det eine kontoret enn det andre, i den eine kommunen/fylket enn i andre – eller forsåvidt i landet vårt samanlikna med andre – det har ikkje han eies dekning for, i alle fall ikkje enno.

At han eies skulle vinna fram med si støtte til dei faglege tilrådingane så lenge overmakti meinte noko anna, det var sjølvsagt heilt urealistisk. Men han tenkte som Oskeladden at eg får forsøkja, så dukkar kanskje hjelpi opp. Og så var det dette med å kunna gå rakryggja fordi du i alle fall gjorde eit heilhjarta  forsøk for det du trudde på…..

Han eies har faktisk utanom reetableringsgruppa møtt – siger og skriver –  to (2) personar som ope og ærleg har sagt at dei er motstandarar av ei utsetjing. Og at folk tonar flagg og er ueinige, det er respektabelt, absolutt!  Sjølvsagt kan det finnast fleire. Men han eies har etter kvart tala med nokså mange.

Men hjelpi eies håpa på er som folk flest: Dei vil sjølvsagt ikkje koma i ugreie med viltforvaltningi (Tenk om dei ein gong skulle koma til å få ein rapport på seg om nattjakt…)  Dei pratar om veret og fotball, les VG og ser på  TV2. (Det gjer også eies, om enn sjeldan, og det treng nødvendigvis ikkje vera noko gale i det). Dei stolar på at  «dei styrande», «dei som har greie på det» ordnar opp i det meste.  Og at faglege tilrådingar vert ignorerte, det er vel ikkje så uvanleg. «Desse hersens forskarane» og «desse pokkers vitenskapsmennene» er no likevel nokre tullebukkar fullstendig utan bakkekontakt og kontakt med «oss på grasrotplanet», me som verkeleg veit kor skoen trykkjer.

Han eies har lært utruleg mykje gjennom kanpen mot, eller kanskje rettare: Det som skulle ha vore samarbeidet med byråkratiet og tilsette i fylke og kommune. Sjølvsagt kan det ikkje vera slik at dei av oss som skrik høgast får gjennomslag for sakene sine, sjølv om det ofte er dei som mobiliserer mest skrik som vinn fram  (og sjølv om Opsethen sa noko anna då han såg folkemengda som protesterte…..)

Han eies har på mange måtar vore ein naiv idealist. Skikkeleg naiv har han ofte vore. Som den ivrige jegeren han er, har han lova seg sjølv aldri å retta børsepipa mot ein rein. Kvithåra er han alt, men viss han lever nokre år til, har han hatt ein draum om å få sjå far etter villreinklauver i snøfennene kring Vangsen. Han drøymde om at viss han blei ein skjelvane olding med stokk eller gåstol så kunne han likevel stavra seg ut på verandaen (viss helsa var såpass at han  fekk lov å bu her, då…) og med ustø hand retta kikkerten mot Vangsen, og kanskje sjå spora etter reinsflokken i snøfennene der.

Dette blir nok berre ein draum for han eies, slik det ser ut no. Difor vil han,  så fri som det går an å vera frå alle bitre og hatefulle tankar, ynskja han Einar, han Olav, han Steinulf og han Hermund lukke til med den «naturlege» reetableringa dei vil satsa alle dei gode korta sine på. For Luster har i dag i samband med opprettinga av Breheimen Nasjonalpark svært gode kort på hand, om nokre år har Luster ikkje så gode kort lenger, og då kan det vera for seint. (At Colman i si tid vart headhunta av Luster landbrukskontor, er ikkje ei relevant problemstilling, lenger). Dei vil kanskje på den måten truleg klara å få ein og annan bukkeflokk hit på sommarsbeite, år om anna, inst i Nørdstedalen, Krossbakkane og Middalen. Men ei årviss villreinstamme med simler og kalvar vil her neppe bli.

Han eies håpar likevel at han tek fullstendig feil i denne spådommen!

Advertisements

5 kommentarar to “Han eies kastar korti, kva skal han gjera med denne bloggen?”

  1. SB Says:

    Eies, no må du ikkje gje deg. Som Ibsen sa i si tid: «Den som står åleine, har alltid rett». I ettertid må ein ofte erkjenne at mindretalet har dei beste sakene og dei rette svara. Slik er det berre.

  2. eies Says:

    Berre framtidi kan døma om kva som er rett å gjera. Og at mindretalet kan ha rett, det kjenner me alle til.

    Men kva slags mindretal er det her snakk om? Er det mindretalet i ei «eksklusiv» gruppe, som forsovidt eies ogso var med i… ? Er det mindretalet blant jegerar og grunneigarar… ? Er det mindretalet blant alle som er opptekne av eit intakt økosystem, ogso i fjelli våre…? Eller blant lustringar flest…?

    NINA Temahefte 27 slær fast at villreinen er eit felles samfunnsansvar, og Noreg har eit spesielt ansvar for den siste attlevande villreinstamma i Europa.

    Men når fagrapporten «Reetablering av villrein i Luster» kun møter motstand både på kommunalt-, og i det siste tydelegvis ogso på fylkeskommunalt plan, då er det på tide at han eies kan gjera noko meir fruktbart. Han får setja seg i ein arrogant sinnstilstand og trøysta seg med det gamle sitatet: Gegen die Dummheit kämpfen Götter selbst vergebens.

    Elles takkar han SB for mykje god støtte her på bloggen, også i denne saki!

    • eies Says:

      Presiserer: Meinte ikkje «eit intakt økosystem blant lustringar flest», men «eit mindretal blant lustringar flest».

  3. HA Says:

    eies, det er ikkje alltid ein klarer å få til det ein ynskjer med ein gang. Som lerar av yrke så ha du sikkert mange ganger forandra måten du forklarer den samme tingen på til elevar. Utan at innhaldet i det dei lærer er forskjellig.
    Det verkar som tiden er inne til nytenking. Til no har du vore stort sett aleine i denne kampen!
    Kva med å aliere seg med nye samarbeidpartar?
    Det er ikkje berre snakk om å få reetablert villreinen i Breheimen. Det er og snakk om ei miljøsak som blant anna Naturvernforbundet burde ha intresse av.

    Kva står det om villreinen i forskriftene for Breheimen nasjonalpark?
    Vert dette oppfylgd?

    Det sit folk med forvaltningsmynde andre stader i landet som har bestemmelsesrett på eit høgare nivå enn kva ein finn her i fylket.
    Med ei god sak og gode argument så kan det hen de dei ser på saka. Kva eit slikt utfall vert er ikkje eg den rette til å spå.

    Kortversjonen av det eg har skreve vert. Stå på og søk etter nye samarbeidspartar i denne for mange viktige saka.

  4. eies Says:

    Han eies er heilt einig i det du skriv, ha!

    Men du skulle berre ha visst kor mange eies har «alliert» seg med, sjølv om det stort sett har vore på kommunalt nivå. Alle har vore einige i at dette er ei viktig sak. Men når det gjeld å slå opp visiret og gå inn i kampen (dessverre har dette vorte ein kamp!), då trekkjer dei seg. Og det er på mange måtar naturleg: Dei ynskjer ikkje å risikera å koma i ugreie, verken med folk flest, eller folk i viltforvaltningi. Slik er det berre, sjølv om ein skulle tru at det skulle vera ei kurant sak å ha ulike meiningar.

    Ein variant av Jantelovi seier at ein og same person bør ikkje fronta den same saki i alt for lang tid. Då kan folk lett verta leie av «trynet» eller «pennen» din. Han eies er redd for at noko slikt har skjedd/vil skje i denne saki.

    Han håpar at nokon andre vil overta no, gjerne fleire, kanskje eit styre… Kva om det vart arrangert eit «illegalt» møte der fleire kom saman og samarbeidde om det dei meinte var rett…?

    Uansett så er det nok klokast at han eies trappar ned aktiviteten. Men viss andre vil overta skal eies gjera alt han kan for å støtta dei!!!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: