”Mellom fjell, fjord og folk” – oppstartmøte

I kveld var eies på eit oppstartmøte på Gaupne hotell. Det var Torkjel Solbraa, som har kontor ved landbrukskontoret, som leia møtet.

Torkjell Solbraa, Sogndal

Han orienterte om arbeidet sitt. Det kan vera tilfeldig, men han nemnde både geologi og biologi, utan å nemna undergruppa zoologi i særleg grad. For villreinentusiasten eies var dette litt skuffande. Men som sagt: Det var truleg tilfeldig.

 Bra frammøte, kun karar. På eit liknande møte på Hafslo var det overvekt av damer. Litt humring rundt bordet kring dette poenget. Ein del lurte nok på om det her var pengar å henta til ulike tiltak og prosjekt rundt om i kommunen…

 Tidlegare stortingsrepresentant Kåre Ø. nemnde spesielt stølane i Luster som ein verdifull kulturarv. Fint at «seniorane» viser interesse for temaet, og tidlegare skulesjef Reidulf K. var såleis oppteken av om ein her kunne vidareføra eit prosjekt skulane hadde planlagt, men som alltid hadde vorte skubba vekk av meir presserande oppgåver.

Det var (som vanleg) ein del prat om attgroing av kulturlandskapet. Han eies la fram sitt syn: Kampen mot attgroing er pga samfunnsutviklinga og landbrukspolitikken – tapt. Men me kan sjølvsagt velja ut og prioritera nokre utvalde område der skog, busk og kratt vert halden nede.

Olav T. nemnde spesielt det triste synet ein møtte ved alle dei utbygde elvane og fossane på austsida av Jostedalsvassdraget. Kan det gjerast noko med dette, td minstevassføring?  Det vart ei delvis fleipete ordveksling kring dette: «Då vert straumen dyrare!»  «Då får me byggja ut meira!»  «Ja, de kan no byggja ut Engjadalselvi, i alle fall!»  Kor sakleg dette ordskiftet var, kan diskuterast. Minnte litt om tidlegare Statkraft-diskusjonar her på bloggen…

Merkjing av turstiar vart drøfta. Eit par karar frå Hafslo (som eg diverre ikkje har namnet på) var spesielt opptekne av at  lag og organisasjonar måtte spela på lag med grunneigarane og ta desse med på planlegginga frå første stund. Problem med parkering vart nemnt spesieltspesielt. Tilrettelegging av parkeringsplassar var tydelegvis mangelvare.

Elles vart kunnskapsformidling til alle, ikkje minst oss lustringar trekt fram, og Molden var ein særs attraktiv utferdstad, sa dei.

Mykje fornuftig vart sikkert sagt utan at eg hugsar meir i farten. Positivt møte, utan dei heilt store overraskingane. Men viss jobben hans Torkjell kan vera med på å verna om naturen og i tillegg gjera det litt meir attraktivt å bu i ein utkant av ein utkantskommune, så vil eies vera fornøgd, i alle fall.

Les meir på heimesidene til Luster kommune.   Les om naturarven som verdiskapar.

Advertisements

2 kommentarar to “”Mellom fjell, fjord og folk” – oppstartmøte”

  1. Olav Tuften Says:

    Eg vil presisere litt det eg sa på møtet eller iallfall meinte, det høyrdest so sørgjeleg ut.
    Nesten alt brevatn på austsida er utbygd og det utan minstevassføring. Det betyr at i godværsperiodar på ettersommaren når snøen er vekke i fjellet, vert elvane nær turrlagde og det er sørgjeleg.
    Dette gjeld særleg Store Geisdalen med Geisdalsfossen, men og andre stader som Fagredalsområdet.
    Det er nett dette at elvane aldri vert turre som gjev dalar med brevatn ekstra liv.
    Kanskje kan eller bør ny nasjonalpark og nye verneområder nær sagt i utbyggingsområdet utløyse ei minstevassføring?

    Eg sa og at Geisdalsfossen burde vore verna i utgangspunktet, men iallfall ikkje eg jobba for det den gongen, so det er ei anna sak.

  2. eies Says:

    Eg kan ikkje forstå at jostedøler kan vera ueinige i dette.

    I tillegg vil eg nok ein gong trekkja fram «sørgjerendene» kring mellom anna Geisdalsvatnet og Sandhaugedalsvatnet. Og det tragiske steinbrotet ved Styggevatnet.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: