Når hjortestamma kjem ut av kontroll

Fotoet har eg teke frå «Tidens Krav»

Det vert snakka om ein sokalla «dyretragedie» på Aure. Ein større hjorteflokk har samla seg, og svake dyr må avlivast. Slik eies ser det, er dette eit døme på kva som kan skje når ein i tankeløyse startar foring av hjort. I tillegg bør kanskje forvaltninga generelt vurderast. Vert det skote for få dyr under jakta? Vert det skote feil dyr når det gjeld alder og kjønn?

Men han eies veit at det er lett å vera spesialist når ein har stor avstand til problemet. Dette er nok svært ubehageleg for dei som no er komne i søkelyset til media.

Sjå filmsnutt.

Les om saka i Tidens Krav

Sjå diskusjonen i kammeret.no

Advertisements

4 kommentarar to “Når hjortestamma kjem ut av kontroll”

  1. Knut Nybø Says:

    Når ein ser på fellingtala på hjort dei siste 25 åra så var det
    vell innlysane at det måtte bli ein dyretagide.
    Offentlig dyremishandling???.

  2. eies Says:

    Eg har ikkje studert fellingstala frå dei 25 siste åra, men du har sikkert rett. I tillegg ser dette ut til å vera eit døme på kva ei «uskuldig» foring etter kvart kan utvikla seg til.

    Foring er eit arbeids- og ressurskrevjande tiltak. Mange har nok undervurdert det. For meg som tilfeldig observatør til foringa som vert driven på Kaupanger, ser det ut til å gå +/- 1stk rundballe pr foringsplass pr dag!!! (Håpar nokon evt. kan korrigera tala mine. Dette er kun mine subjektive og tilfeldige observasjonar.) Uansett: Då er ikkje hjorteforing ein hobby lenger, men ei økonomisk- og arbeidskrevjande driftsform. Ikkje alle har økonomi og tid til å fylgja opp noko slikt.

    (Takk for linken du sende, Knut N!)

  3. Knut Nybø Says:

    Er einig med deg om hjorteforing, men eg er veldig usikker
    på korleis det skal gå med hjorten om det vert stoppa?.
    «Linken», Hjorten har hatt ein hard førehjuls vinter så den
    har brukt mykje av sine reservar, no er det svert vansklig
    snø for hjorten så den treng sikkert lit hjelp utover mot våren.

  4. eies Says:

    Viss ein skal avslutta foring, må det skje over fleire år. Meiner fagfolk har anbefalt nedtrapping over 3 – 5 år.

    Å kappa ned beitetre av raun og alm mfl. må vera eit godt alternativ til rundballar. Då skyt det også opp skot frå stubben, som kan beitast dei komande åra.

    (Og hjorten avberkjer de trea som er nedsaga – prima ved.)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: