Innlegg i Sogn Avis

I dag stod dette i Sogn Avis:

Villreinen er no på veg tilbake til Luster sin del av Breheimen! 

Overskrifta er optimistisk, men vil truleg bli sanning om nokre år. Litt samarbeid er det einaste som trengst, pluss nokre reinsdyr…

Ei kommunal gruppe i Luster har no i snart 2 år jobba med problematikken: ”Korleis skal me få villreinen attende til Luster sin del av Breheimen.” Gruppa har hatt ein fagkonsulent knytt til seg: Jonathan Edward Colman. Han jobbar elles mykje med restaurering av område der dyrelivet har kome i ubalanse eller teke skade. Colman har hatt den kjende reinforskaren Egil Reimers som rettleiar under utdanninga si. Han er såleis midt i blinken for dei problema Luster har i Breheimen. Prosjektet er no avslutta, og resultatet ligg føre som ein fagrapport frå Jonathan Edward Colmam og Marte Synnøve Lilleeng: «Reetablering av villrein i Luster». Denne rapporten skal no vera lagd ut på heimesidene til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og heimesidene til Luster kommune. Viss du ikkje finn rapporten der, kan du finna han på «Breheimen-Luster Villrein Blog»: https://eies.wordpress.com/, der du finn han under innlegget: «Offentleggjering av rapporten: Reetablering av villrein i Luster kommune».

Den økonomiske sida ved arbeidet har hittil vore så godt som problemfri. Sidan Luster kommune ikkje lenger har noko ansvar i høve forvaltning av villrein, er det denne gongen difor rimeleg å forventa at staten eller «storsamfunnet», her ved Fylkesmannen i Sogn og Fjordane i stor grad vil syta for midlar vidare til prosjektet/prosjekta. I tillegg veit me at fagkonsulenten alt har kontakt med private sponsorar som har sagt seg villege til å støtta arbeidet økonomisk.

Eit vilkår for at staten/Fylkesmannen skal støtta prosjektet økonomisk, er at det ligg ei påliteleg fagleg vurdering som grunnlag for arbeidet som skal gjerast. Det grunnlaget har me i fagrapporten frå Colman. Viss me, mot formodning, skulle velja å sjå bort frå dei tilrådingane Colman kjem med i rapporten, vil Fylkesmannen kun spandera «lommerusk» og knapt nok det på Luster. Dette er nokså innlysande.

Fleire av villreinområda i Sogn og Fjordane har vorte grunnlagde på utsetjing av rein. Dette gjeld  villreinområda: «Sunnfjord», «Førdefjella», «Svartebotnen» og ikkje minst i «Lærdal-Årdal» der det på slutten av 90-talet vart gjort ei vellukka utsetjing, og der dei no i fleire år har hatt jakt på store, flotte dyr. Også elles i landet har me fleire døme på vellukka utsetjingar.

Ved ei utsetjing av villrein må alle middel som kan gjera utsetjinga vellukka takast i bruk. Nokre av dei tiltaka som kan koma på tale er gjerde, foring og gjeting. Om det i det heile vert aktuelt med inngjerdingar eller gjerde på strategiske plassar, er sjølvsagt ikkje avgjort enno, så tidleg i prosessen. Slik topografien er i Lustrafjelli, er det slett ikkje sikkert at gjerder og/eller inngjerdingar er praktisk og økonomisk muleg.

Ein eller fleire gjetarar kan engasjerast for å følgja og kontrollera reinsflokken. Noko slikt kan kanskje kombinerast med oppsyn med rovdyr, spesielt jerv. At dyra vert utstyrte med GPS-sendar, er vel også naturleg. Bruk av motoriserte køyretøy og helikopter, kan bli vanskeleg i ein nasjonalpark, og krev naturleg nok særskilde løyve, viss det i det heile er muleg.

Det aller viktigaste ved ei utsetjing, er val av dyra som vert brukte. Her tenkjer eg mellom anna på det trekkmønsteret som dyra har nedarva frå før, til dømes mellom sommar- og vinterbeite. Viss ein får tak i rein som har nedarva kortare trekkmønster, vil det truleg vera eit klokt val.

Gjerde, foring og gjeting vil bli ein stor utgiftspost. I kva grad dei nye GPS-baserte elektroniske gjerda kan forenkla dette arbeidet, skal det bli interessant å sjå. Det er, som sagt, rimeleg å forventa økonomiske tilskot til ei utsetjing, mellom anna frå Fylkesmannen. Her er det også snakk om aktivitet og arbeidsplassar til Luster kommune. Det er positivt. Ein reinsflokk i fjella med gjetar vil heilt sikkert bli ein attraksjon. Han vil også syta for at dyra ikkje vert unødig uroa.

Kor økologiske er våre høgfjell utan villrein? Det er svært mange fordeler ved at reinen kjem attende til dette området. Me har venta i mange ti-år, men reinen har ikkje kome tilbake av seg sjølv. Viss me ynskjer eit intakt økosystem med stor rekreasjonsverdi, må me handla no!

Enkelte sauebønder har signalisert bekymring med tanke på om ei villreinstamme vil trekkja til seg jerv. Dette er eit svært viktig poeng. Slik underskrivne har oppfatta situasjonen, er denne frykta for at rein aukar jerveplaga – minst i dei austlege deler av kommunen der det alt er både jerv og rein. Men uansett er det viktig å greia ut kva verknad reinen får på rovdyr, og då spesielt jerv.

Attgroinga i fjellet vil reinen kunna begrensa, og på denne måten kompensera for færre beitande husdyr. For turismen vil villrein i fjella våre vera av umåteleg stor verdi. Ein annan ting er at fagkonsulent Colman kan visa til omfattande studiar og forsking når det gjeld samspelet mellom sau og rein. Men generelt lir vel alle stølsbeite og mange av fjellområda våre i dag under manglande beiting.

Rekreasjon for jegerar, kjøt, jakt eller jaktutleige med inntekter til grunneigarane, er vel så sjølvsagt at det nesten ikkje treng nemnast.

Konklusjonen er grei. Sjølvsagt kan ei utsetjing mislukkast. Men stort sett er det her ein vinn-vinn situasjon for Luster kommune, uansett korleis det går med utsetjinga. Ingen grunneigarar vert «tvinga» til å bla opp tusenlappar. Ingen skal «tvingast» til dugnadsarbeid. Me har ein fagkonsulent med gode mulegheiter til å finna fram til dei beste løysingane på ei aktiv utsetjing. Men sjølvsagt håpar ein at villreinfolket  i Luster vil støtta dette prosjektet på alle måtar. Mange har allereie sagt at dei svært gjerne vil gjera det. Ein slik eineståande sjanse er det nok mange som misunner oss. Luster vil neppe få ein slik sjanse fleire gonger.

Einar Ese, Jostedalen

3 kommentarar to “Innlegg i Sogn Avis”

  1. SB Says:

    Eies, all ros for eit godt skrive innlegg med fornuftige argument som løftar fram saka og føremålet! Du fortener ein 1/2-liter ved næraste høve.

  2. eies Says:

    Takk!

    Han eies takkar for all oppmuntring og støtte. Det er god niste å ha med på vegen vidare. For eies er ikkje so blåøygd at han trur dette vil gå glatt og smertefritt gjennom. Sjølv om prosjektet er eit vinn-vinn – prosjekt for Luster.

  3. eies Says:

    Ein kommentar eg fekk i går, var om det var snakk om “permanent” gjeting. Slik eg forstår det, er det snakk om gjeting i eitt eller nokre fåe år, slik at reinen finn seg til rette i Luster, og gjerne kalvar her.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: