Når naudi er størst, er hjelpi nærast!

Desse to bukkane snubla eies over i fjor, ikkje så langt framom Styggevasshytta

I natt såg eies som svartast på det – i dag har han eies aldri hatt større håp. Det er nok endå att hindringar, men ikkje uoverkommelege!

Målet med det 347 blogginnlegga, epostane, sms-ane, sinte telefonsamtalane, blide telefonsamtalane og vanlege samtalane dei siste vekene, har vore å hindra at fagkonsulent Colman vart “sparka” frå det vidare reetableringsarbeidet, og at døri dermed ikkje vert fullstendig stengd for ei eventuell framtidig utsetjing i tillegg til ei naturleg innvandring frå Skjåk – som alle er einige i! Berre unnabakke er det nok ikkje enno, men viss dei signala eies no har fått “går i boks”, so er den første katastrofen avverga.

Som lesarane ser, har difor eies fjerna fleire kritiske inlegg til arbeidet som har vore gjort. Viss det viser seg at det vesle håpet eies har likevel ikkje fører fram, så er det vel dessverre berre “på ‘an igjen”. Men eies har faktisk tru på at fleirtalet vil halda det dei no har antyda.

Aldri tidlegare i prosessen har eies sett lysare på situasjonen!

Måtte det berre enda godt, denne gongen.

2 kommentarar to “Når naudi er størst, er hjelpi nærast!”

  1. SB Says:

    Det var godt å høyre, Eies! Kva har skjedd, eit kommunalt, administrativt mirakel?

  2. eies Says:

    Takk for kommentaren din, SB!

    Kva som har skjedd, anar eg ikkje, og ikkje bryr eg meg heller. Eg er berre so inderleg, hoppande glad for at døri framleis vert halden på gløtt (sjølv om gløtten eller sprekken ikkje er stor!) for det eg meiner er det einaste rette i denne saki!

    I natt har eg sove betre ennn på lenge. Håpar verkeleg at det ordnar seg, denne gongen. (I rein og pur glede ser eg at eg har brukt i-mål denne gongen. Eg trur det er eit godt teikn.)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: