Kanskje ei siste vurdering av eies sitt eige arbeid i samband med reetablering av villrein i Luster sin del av Breheimen

Like ovanfor Bymannsfossen. Underteikna meiner dette må vera ei dyregrav. Kjersti Randers antyder vel noko anna. I tillegg er dette ein stad der dei må ha sanka saman og lagra lav, for seinare å bruka dette til husdyrfor.

I dei seine nattetimane sit eies og kjenner på at det arbeidet han har gjort for å få villreinen attende til Luster sin del av Breheimen, held på å øydeleggja helsa og nattesøvnen hans. Eigentleg er det verdt det. Kva er ei skrantande helse og manglande søvn mot å få tilbake villreinen? Men no er det slik at eies er ikkje åleine verken i verdi eller i familiesituasjonen, og det lyt han berre ta hensyn til.

Han eies har gått direkte ut med kritikk av personar han meiner ikkje har gjort jobben sin. Han har også kritisert det han meiner er alvorlege feilvurderingar, og som kan få store, negative økonomiske og andre konsekvensar for reetableringsarbeidet, grunneigarar, jegerar, og Luster som ein kommune det skal vera godt å bu i.

Han eies innser også at den kritikken han har kome med har vorte oppfatta som urettferdig av enkelte. Dette er sikkert ubehageleg for dei det gjeld, og viss han har sagt eller skrive noko som ikkje er rett, så skal han sjølvsagt beklaga og trekkja attende det. Likevel har han alltid lagt vekt på å vera sakleg i det han skriv. Viss han ikkje har lukkast i det, vil han gjerne ha beskjed.

Det er no usikkert kor lenge eies har kraft til å fronta forsvaret for dei konklusjonane som fagkonsulent Colman har kome med i rapporten: «Reetablering av villrein i Luster kommune». Når han stort sett har utgjort mindretalet i Luster reetableringsutval og viss han no heller ikkje vert møtt med forståing i deler av Luster kommune sin administrasjon, då er det på tide å vurdera aktiviteten. Også for ein med «eit brennande engasjement». Det avgjerande er kanskje likevel viss dei ein har rekna som jaktkameratar reagerer.

Sidan eies har gått ut som han har gjort, har han også hatt full forståing for at han aldri kjem til å bli spurt meir om å delta i noko formelt reetableringsarbeid. Interessa for villrein, fangstanlegg mm. kjem han alltid til å ha. I kva grad han kjem til å skriva meir på denne bloggen, får tidi visa.

Med dette vil eg difor retta ein stor takk til alle eg har møtt og diskutert med. Ikkje minst dei eg har vore ueinig med! Det er ingen grunn til bekymring. Han eies har det heilt fint, han. Dette er muligens avslutning på noko, men det kan og vera starten på noko nytt.

Beste helsingar: -eies-

Ei tilbakemelding to “Kanskje ei siste vurdering av eies sitt eige arbeid i samband med reetablering av villrein i Luster sin del av Breheimen”

  1. eies Says:

    Sidan somme sikkert tykkjer eies har gått ut med høg sigarføring og delt ut terningkast i aust og vest, er det kanskje på tide med ei sjølvvurdering. Eigentleg er det nyttelaust å vurdera seg sjølv, men eies gjer eit forsøk:

    Engasjementet, entusiasmen og idealismen er det ingenting å seia på, topp karakter. Det eies har vore svakare på, er det ein kanskje kan kalla team-bygging; dvs å dra fleire med i arbeidet, å skaffa seg ryggdekning og støtte ved hjelp av medspelarar. At eies føler at han har stått mykje åleine, sjølv om det forsåvidt ikkje har mangla på oppmuntrande ord, har også gjort han meir sårbar, naturleg nok. Villreinbloggen gir likevel eies terningkast 4 – særleg for engasjementet og iveren han har vist.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: