Nyttårshelsing

Dyregraver frå Kongsdalen og Kongsdalsvatnet. Den eine er litt usikker, truleg dyregrav, men kan og vera noko anna.  Foto: Trond Rune Flikki

Det ligg no føre ein rapport frå fagkonsulent: Reetablering av villrein i Luster utkast 1 mai 2010[1]. Her har fagfolk med kontaktar til dei øvrige fagmiljøa her til lands kome med sine tilrådingar om korleis me bør gå fram: Leggja tilhøva til rette for ei naturleg innvandring frå Skjåk, og i tillegg utsetjing av rein i fjella våre. Dette kan du lesa meir om i rapporten.

Diverre går dei eies vil kalla «Deler av det etablerte villreinmiljøet i Luster» sterkt imot denne tirådinga når det gjeld det siste punktet: Ei utsetjing av rein.

Han håpar eies tek feil når han seier at dei ynskjer å «sparka» fagkonsulenten. Etter som dei seier, er årsaka at dei meiner ei utsetjing er urealistisk. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har hittil dekka alle utgifter i reetableringsarbeidet. Viss fagkonsulenten no vert «sparka», er det etter eies si meining heilt urealistisk å forventa ei slik vidare støtte til prosjektet frå fylkesmannen. Han krev nok ei viss fagleg tyngde for at Luster kan få ut pengar. Ei «Me i Luster veit best»-innstilling kan i somme høve vera ei sunn innstilling. I dette høvet betyr det om lag det same som inga eller minimal økonomisk støtte til Luster. 

Når julefredinga no snart er over, ser eies ingen annan utveg enn å gå ut med kommentarar til- og kritikk av utsegner og handlingar han har møtt. Dette er altså ingen personkritikk, men kritikk av det personar har gjort, sagt eller ikkje gjort. Håpet er at me i denne prossessen framleis kan helsa på kvarandre, og pratast, og når dette er over håpar eies at me framleis kan vera vener og vel forlikte.

Viss noko av det som står ovanfor er mistolkingar eller misforståelsar, ville det vera flott!

Godt nytt år!

Det er den draumen
Det er den draumen me ber på
at noko vidunderlig skal skje,
at det må skje –
at tidi skal opna seg,
at hjarta skal opna seg,
at dører skal opna seg,
at kjeldor skal springa –
at draumen skal opna seg,
at me ei morgonstund skal glida inn
på ein våg me ikkje har visst um.

Olav H. Hauge 

Og draumen min er at det skal koma ei villreinstamme att i Luster sin del av Breheimen. Det er også nyttårsynskjet mitt.

Advertisements

6 kommentarar to “Nyttårshelsing”

  1. HA Says:

    Godt nyttår til deg eies!
    Forsett med det viktige arbeidet for å få reetablert villreinstammen og med registrering av gamle fangstanlegg.

  2. eies Says:

    Takk! Og godt nyttår til deg og dine!

  3. SB Says:

    Godt nyttår, Eies! Måtte det bli ei stor villreinstamme i Breheimen dette året.

  4. eies Says:

    So fort går det neppe. Men viss ein dette året kunne semjast om ein god metode, så var ein komen langt. Godt nyttår til deg, SB! Håpar du vert motivert til å skriva nokre kommentarar på bloggen!

  5. TT Says:

    Godt nytt år, Einar (ja, eg likar best det rette namnet ditt). Du skal ikkje sjå vekk frå at eg kjem med ein og annan kommentar i 2011 òg. Og so skal eg love å setje meg meir inn i villreinproblematikken.

    • eies Says:

      Godt nytt år, TT! Kommentarar er nødvendige for at bloggen skal overleva.

      Trur veldig mange ikkje set seg inn i villreinproblematikken for dei reknar med at det er nokre «proffe» folk som tek seg av det. Til vanleg fungerer også dette heilt fint. Men av og til, som no, er det etter mi meining merkelege psykologiske mekanismar som må ha ført det etablerte Villrein-Luster ut på ein blindveg. Kva som gjer at elles trivelege og trauste karar har gått i vranglås, er vanskeleg å forklara. Sjølve brukar dei ordet «urealistisk» om prosjektet.

      Eg trur ikkje det er den eigentlege forklaringa.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: