Langhold

På nettsider som kammeret.no, youtube og sikkert mange andre stader kan ein sjå og lesa om langhold-skyting og langhold-jakt. Dei som vil søkja meir på nettet, kan bruka longhold hunting og longhold shooting.

I dei jegermiljøa eg ferdast i, har normen vore at ein skal prøva å få ein skyteavstand til storvilt på under 100 meter. Dette gjeld ein vanleg skyttar som vanlegvis ikkje treng særleg meir enn eitt forsøk på å greia skyteprøven. Ein dyktig konkurranseskyttar kan nok skyta på litt lengre hald.

Som døme på langhold-jakt, kan me sjå denne videoen der ein elg vert fellt på 1100 yards – litt over 1 kilometer. Er dette ein forsvarleg måte å jakta på?

Eg skal prøva å vera fordomsfri: Så sant ikkje skadeskytings-frekvensen aukar i høve “vanleg” jakt, så må dette vera ein særs lite stressande måte å jakta på – for viltet. Det ruslar rundt i fred og ro like til det vert skote. Terrenget blir ikkje uroa av drivande jegerar og hundar.

Men jaktformen krev gode skyteferdigheiter, godt utstyr og ikkje minst god optikk og avstandsmålar. Dessutan meiner eg vel at jakt er alt som skjer fram til viltet vert skote. Sjølve det drepande skotet eller avlivinga er liksom “kjedeleg” rutinearbeid. Det er ikkje noko heltemodig over “meistarskotet”, og det skal difor unngåast.

Jaktforma kjem etter det eg forstår frå USA, og er no på full fart inn her til lands også. Er det misunnelse, angst for “det nye”, eller fordommar som gjer at eg er skeptisk til langholds-jakt? Jakt med pil og boge som vist lenger nede på sida ligg vel i den andre enden av skalaen, men jakt med pil og boge er enno ikkje tillatt her til lands.

Nokre fleire linkar: 

http://www.youtube.com/watch?v=VL8crbvPrzQ&NR=1

http://www.youtube.com/watch?v=cCyTRzL5AAQ

http://www.youtube.com/watch?v=K8MEzra4B1g

10 kommentarar to “Langhold”

  1. HA Says:

    Det må vere den faktiske ferdigheita til den einskilde jeger som avgjer kor lange hald han skyt på. Og ikkje om det er over eller under 100m. Det er stor skilnad på folk og dei som slit med å klare “prøven” om hausten må trene meir for å kunne skyte dyr på den avstanden. 50-60m er kansje deira max. grense.
    For ein stødig skyttar er det ikkje problem å auke skyteavstanden til det mangedobbelte. Men kor forsvarleg det er er noko heilt anna.
    Ein kan prøve seg fram på kor vanskeleg det er å skyte på lengre hald. Mange vil oppdage det at skyting på 200m er ikkje vanskeleg. “Normal” kalibra 308, 30-06 og 6,5×55 har eit kulefall mellom 12-16 cm fra 100-200m.

    Langholdsskyting kan ein vel rekne det som om avstanden er over 250m. For å skyte sikkert treng ein gode kunnskaper om avstandsvurdering eller ein avstandsmåler. Ved skyting på lange hald må ein justere på siktet for å treffe der ein skal. Kula si bane vert krummare til lenger avstanden er. I tillegg må ein vurdere vindstyrken og rettningen. Her kan ein vindmåler vere til stor hjelp. Kor mykje vinden påvirker kula varierer ut fra kvar vinden er. Vind nærme målet har ikkje så stor virkning som vind nærme skyttaren. Skyt ein på lang avstand over ein dal kan det vere vind som ein ikkje oppdager.
    Eit anna hjelpemiddel som vert brukt er “tofot” som er festa på geværet. Skyting på lange hold er morosamt, sjølv har eg berre prøvd på blink på ca.550m. Moro når ein treffer på den avstanden.

    Langholdsjakt vert noko heilt anna ( avstand over 250m), det er for mykje eg som skyttar ikkje har kontrollen over. Uansett kor flink ein er til å skyte, så vil kulas flygetid fra munning til treff i dyr auke ved aukande avstand. Så ved skyting på 900m vil det gå omlag 1sekund fra avfyringstidspunkt til kula treffer målet. Sjølv om dyret står stille når ein skyt so kan det ha flytta på seg ein god del på 1 sekund.

    Kva som er forsvarleg eller ikkje vil ikkje eg avgjere. Men det som er sikkert er at ved aukande avstand så aukar alle variablane som har innverknad på eit sikkert skot. Men som visst på filmane eies har linka til det er fullt mogleg å jakte på lange hald. Om skadeskytingsprosenten er lik eller større ved langhaldsjakt har ein vel ikkje noko sikkert tal på. Ein har nok bedre tid på å skyte enn kva tilfelle er på drivjakt i tett skog.

  2. eies Says:

    Langhold-skyting er ikkje berre av nyare dato.

    På garden i Ese der eg vaks opp, var det ei skytebane som ikkje er i bruk lenger. Avstandane til skytegravene var 100m og 300m. Men i tillegg var det også ei skytegrav der avstanden var 600m! Tippar det var slik mange andre stader og.
    —————————————————
    Og eg trur gamlekarane brukte Krag-Jørgensen gevær med vanlege militærsikte: skur og korn. Diopter-sikta kom kanskje etter kvart, men kikkert-sikte hadde dei i alle fall ikkje.

  3. HA Says:

    Det stemmer det eies. Dei skaut på 600m i gamledagar med oppne sikter, skur og korn og etterkvart diopter og korn. Blinkane dei hadde var store i forhold til kva ein skyt på i dag.
    Ein tankevekkar at skytinga i skyttarlaga foregjekk på 600m fyrst og deretter på 300m baner. I dag er det stort sett 200m baner samt 100m banene som alltid har vore der for nybyrjara.
    Feltskyting har hatt den samme trenden. På 1990 talet byrja arrangørane å kutta ut langhold med avstand over 300m. Istadenfor har blinkane vorte mindre og med kortare skytetid for å kunne avgjere kven som er best.

    Eg ikkje berre trur, men er overbevist om at med same type utstyr ( uansett om dei gamle storskyttarane fekk dagens våpen med tilbehøyr eller dagens skyttara måtte bruke deira utstyr ) så ville gamlekarane ha hevda seg i toppen!

  4. Trebjønn Says:

    Det er opp til jegeren å avgjere om det er rett avstand til dyret. Dette har vore diskutert mykje på td kammeret.no, men at det er ein trend blandt jegere er vel noke overdrevet. Dersom det er nokre dusin jegere som har trent på 600-1000 m så er vel det toppen. Langhalds miljøet er ikkje så stort i Norge. Dersom ein av desse, basert på 100 vis av testskot, temp, luftrykk og vindmåling, vel å løyse skot på dyr på langt hald, så trur eg det er meir forsvarleg en at ein standard hjortajeger med 30-50 skotpr år bak seg strekk haldet td opp mot 200 m. So lenge dyret dett er alt vel, men skyt ein feil er h****** laust, sjøl om det er meir “akseptabelt” innanfor normal avstandar.

  5. eies Says:

    Forvaltningsmesig sett ser eg store fordeler med langholdskyting. Det usikre her er, slik eg ser det, korleis skadeskytingsfrekvensen er. Og korleis resultata ved ettersøka er.

    • HA Says:

      Det er både fordeler og ulemper med alle typer jakt. Og kva legg ein i ordet langholdskyting på jakt. Er det allt over 100m eller er det skyting på 500m +.

      • eies Says:

        Det finst kanskje ein definisjon på langholdskyting, men den har eg aldri sett. Mitt forslag er at ein “vanleg” jeger bør setja ei øvre grense ved om lag 100 meter. Ein dyktigare skyttar kan vera sikker opp mot 200 til 300 meter. Større avstandar vert då langholdskyting. Akkurat no er dette det beste forslaget mitt.

      • HA Says:

        Kor sikker er du på å treffe om du er innskoten på 100m og skyt på 300m?
        Det er snakk om eit kulefall fra fra prikk i midten på 100m til eit treffpunkt fra 50cm + alt etter patrontype for 308W. Dette kan ein studere nærmare på NORMA sine heimesider under ballistikk http://www.norma.cc/sortimentjakt.asp?Kaliber=22&Lang=1&Kalibernamn=.308 Win#
        Skyting på andre ting enn blink på lenger hald krever utstyr som avstandsmåler, og det er ein stor fordel med tofot! Om ein skyt inn med overslag vil ein kunne sikte rett på ut til 200m utan fare for skadeskyting p.g.a kulefallet.

      • eies Says:

        Med “ein dyktgare skyttar” tenkjer eg på ein som mellom anna har kontroll over kulefall på den avstanden ho skyt. Då vil eg tru det plar gå bra opp til om lag 300 meter.

        Skyttarar av min kvalitet bør vel streva etter ein skyteavstand på max 100 meter.

        Den tid eg var ung og galen (no er eg berre galen….. ;-)) skaut eg ein gong på ein hjort tvers over ein dal. Eg feilrekna nok avstanden og trefte 20 cm over hjorten, heldigvis! Dette kontrollerte eg sidan hjorten stod framfor eit svart berg,

        Eg hadde nok flaks. Tenk om det hadde vorte skadeskyting. Det er pinleg å skriva om dette, og eg er ikkje stolt over det.

        Langholdskyttarar i Noreg er sikkert ikkje mange. Men med dei mange smale dalane me har, vil eg tru at Vestlandet egnar seg godt til slik jakt, for ein god nok skyttar.

  6. eies Says:

    For å setja lanholdskyting i eit breiare perspektiv, tek eg med denne anekdoten frå Ø.Mølmen: “Ottadalsreinen”:

    “I 1894 kom Krag-Jørgensen gevær modell 94 i produksjon ved Kongsberg Våpenfabrikk.”……. “Det var da skyttere i skytterlagene som fikk tak i de første. Det ble etter hvert klart at de småkalibrede geværene gav helt nye muligheter for jegerne, og det viste seg at de ble misbrukt til store lidelser for dyra. Mens de gamle geværene med svartkrutt hadde svært begrenset rekkevidde, fant jegerne nå ut at de kunne skyte “slengskudd” på svært langt hold mot flokker og ha sjansen til å treffe ett eller flere dyr. Som eksempel kan nevnes en kar fra Skjåk som hadde skaffet seg Krag. Han var på jakt i Sørområdet og så en flokk som han trodde var ca. 1 kilometer unna. Han stilte opp siktet og slengte av et skudd etter flokken. ” – og jaggu datt det ei simle”, sa’n etterpå.”

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: