Julehelsing frå Villreinbloggen

I stille ettertanke og meditasjon ynskjer eies alle:

I fjell og dal, i elv og vatn

i skog og på myr

 i hytte, hi, hus og heim:

Ei heilt ok og kurant julehøgtid!

Skulle nokon vera gløymde i proklamasjonen ovanfor,

so er me rause og tek med dei og!

Som oppvarming til Quizen på Jostedal hotell

 torsdag 30.12. klokka 21.15:

Kor er biletet teke?

Advertisements

16 kommentarar to “Julehelsing frå Villreinbloggen”

  1. OVE Says:

    Storegeisdalsvatnet?

  2. eies Says:

    Som innvandrar til Jostedalen, er eg ikkje alltid sikker på kor grensene går (Kan tolkast på fleire måtar…..) Men eg meiner biletet er teke utanfor, men nokså nær, grensa mot Jostedalen.

    Nytt hint: Ikkje langt frå ei DNT-hytte.

  3. NK Says:

    Ei retteleg god jul til deg òg eies!

    Interessant med biletquiz, men dette var særs vanskeleg. På biletet ser eg jordsmonn og gras, det kan tyde på at høgda er minst 1100 meter over havet, kanskje 1200. Er det høgare så er det uvanleg gode vokstervilkår på sørside eler vestside. Ein varde på toppen kan tyde på at du går etter ein merka veg, kanskje til og med ein DNT-merka veg. Eg utelukkar Jostedalen vestside, kan ikkje hugse ein einaste stad som ser slik ut der. Nord for Styggevatn er det neppe, er vel meir «arktisk» landskap der. Då trur eg me er i området mellom Handspiki og Holmevatn. Eg trur du er på veg austover, enten i Sprongdalen aust for Sprongdalshytta, eller aust for Martedalsvatnet, før det går nedover mot Rausdalen. Betre tips greier eg ikkje på ein «tidleg» 2. juledag :-).

    • NK Says:

      I mitt førre innlegg meinte eg sjølvsagt maks 1100 meter over havet, men etter å ha tenkt meg om kan nok høgda vere heilt opp mot 13-1400 meter.

      Det opnar for eit nytt svaralternativ: Handspiki. Men eg held likevel fast ved at svaret er aust for Martedalsvatnet, som i mitt fyrste innlegg.

  4. eies Says:

    Når dei eg reknar som truleg dei to største kapasitetane innan dette emnet, ikkje svarar slik eg trudde, då blir eg skjelven. Har det gått i surr for meg i haugen av digitale fjellbilete som etter kvart har samla seg på «Mine bilder»… ?

    Nytt hint: Eg parkerte bilen min på parkeringsplassen ved Vårstølen i Vigdalen. Det er truleg den desidert kortaste vegen opp til varden/vardane på denne toppen.

    (Eg torer ikkje nemna at grunnen til turen og bildet, var at eg ville sjå kor mykje lav det var i dette området.)

    • eies Says:

      Skulle gjerne ha visst meir om lav: Kva heiter den mørke laven me ser i framgrunnen på biletet? (Her har eg altså ikkje fasiten!)

  5. NK Says:

    Når eg såg biletet i dag tidleg, så tenkte eg straks: No har eies gått ruta mellom Vigdalen og Engjadalen, og stogga her på Stongfjellet. Men, tenkte eg vidare, det er lite truleg at eies har vore så langt sør i Breheimen, så eg slo det ifrå meg.

    Men no trur eg faktisk det er Stongfjellet likevel.

    • eies Says:

      «Tampen brenne» som me sa før i jula.

      Breheimen – eg skulle gjerne ha ynskt at verneplanen også omfatta dette området. Men det trur eg diverre at han ikkje gjer, eller…

      Andre må gjerne svara! Å ta innersvingen på OVE og NK på slike spørsmål, er ikkje å «kimse» av, som ein kollega brukte å seia det.

  6. NK Says:

    Då koplar eg inn eldste sonen min, som føresler Kattøyra, med Vågsberget som eit alternativ nr 2.

  7. eies Says:

    «Da brenne ikkje so mykje no. Brann godt på Stongfjellet.»

    (Har eg rota det til no for meg…. Huttetu! Kanskje eg hugsar feil? Nei, har du sagt A får du seia B. Stao no pao, eies!)

  8. NK Says:

    Då koplar eg inn sjefen sjølv, også her tyder det kjeringi – og ho seier Fivlenosi.

  9. eies Says:

    Ein skal alltid lytta etter kva sjefen seier, og ha respekt for sjefen. Sjølv om sjefen sjølvsagt kan ta feil. Men denne gongen hadde sjefen rett. Eg meiner nokså bestemt at eg var på Fivlenosi!

  10. NK Says:

    Då skal eg aldri – eg understrekar ALDRI – nokon gong meir late vere å lytte til sjefen i denne type spørsmål :-). Framleis god jul!

  11. eies Says:

    Einig!

    Med fare for å bli kalla inn på teppet, vil eg likevel minna om den vesle nyanseforskjellen mellom «å lytta til sjefen» og «å gjera som sjefen seier».

  12. NK Says:

    Av og til har eg ein liten mistanke om at sjefen (min) er obs på akkurat den nyansen, og at eg blir målt meir etter handling enn persepsjon/tanke/intensjon.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: