Kva er skilnaden på Austlandet og Vestlandet… ?

Wachtelhund frå Kennel Støylentufta

Skilnaden på Austland og Vestland kan vera fleire ting. Noko er reelt og noko er fordommar. Geografi og topografi. Tradisjonar innan hundehald og hunderasar. Ikkje minst ulike driftsformer ma når det gjeld småfehald. Ulike strukturar innan eigedomstilhøve. Og sikkert mange fleire faktorar.  

 Når det gjeld jakthundar snakka eg forrige helg med ein kar som hadde fylgjande formulering, og som eg tykkjer uttrykkjer noko av det eg også har fått intrykk av:

På Austlandet blir du sett på som ein tulling viss du jaktar utan hund.

På Vestlandet blir du sett på som ein tulling viss du jaktar med hund.

Ei spissformulering, sjølvsagt. Dette er i nokon grad personavhengig, det er avheng av viltslag, og det er avhengig av hunderase. Kor mange veit td. skilnaden på 1.) “løs på drevet halsende hund” og 2.) “kortdrivande hund”…. ?

 

4 kommentarar to “Kva er skilnaden på Austlandet og Vestlandet… ?”

  1. HA Says:

    Som forhenverande eigar av ein laus pådrivande hund og som eigar av ein som kan brukast som kortdrivande veit eg svaret. Men eg skal lata nokon annan freiste å koma med eit svar fyrst.

  2. eies Says:

    Undrast på om dei me møter blant viltstyresmaktene, inkludert politiet, veit skilnaden? Då tenkjer eg sentralt og nasjonalt, men også lokalt.

  3. ok Says:

    Hvis me jakter med hund, og hunden jager hjort på nabovaldet, så tore eg ikkje tenkje på reaksjonane som hadde komme her i bygda. Dette er grunnen til at eg jakter lite med hund i jortejakta (bortsett fra bandhund). Eg og hunden er mykje meir vellkomen når me skal spore rovdyr og finne kadaver for samme grunneigarane.

  4. eies Says:

    Viktig tema du tek opp her: Tenk om den drivande laushunden begynnar å jaga inn på nabovaldet….. ! Med dei småe jaktvalda me har, er slikt vanskeleg å unngå heilt.

    Korleis unngå dette?

    Ein “løs på drevet halsende hund” kan vera vekke frå jegeren i fleire timar. Mange har til og med problem med å få hunden med seg heim att om kvelden. Å jakta med ein slik hund dagen før du skal på arbeid, kan difor vera eit sjansespel.

    Det er her ein kortdrivar/korttdrivande hund kjem inn. Desse hundane jaktar berre ei kortare tid før dei vender tilbake til jegeren. Det finst sikkert mange rasar og krysningar som fungerer som kortdrivar. Wachtelhund (ein som jobbar på Tøvis har ein slik) er mykje brukt, tysk jaktterrier (som Skjerven på Hafslo har) kan fungera, og mange fleire rasar/blandingshundar. Det som er viktig er vel ikkje rasen, men korleis hunden jaktar.

    Eg er ikkje i tvil om at kortdrivande hundar har framtida føre seg som jakthund på hjort i småe Vestlands-vald.

    (Ein annan ting: Somme stader er det slik at viss dei veit at nabovaldet skal jakta med laushund, så posterer dei langs valdgrensa for å ta hjort som vert driven over til dei. Stundom kan dei visst ha stor suksess med dette.)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: