Nokre vilt- og sporobservasjonar aller fremst i Jostedalen 14.november 2010, og refleksjonar kring desse

Reinspor. Ikkje frå i dag. Ikkje frå i fjor, men frå sommaren 2009, attmed Styggevatnet. Som somme veit er eg djupt såra og vonbroten over at reetableringsplanen til Colman (som visstnok var ferdig til 1. mai) ikkje har vorte arbeidsredskapet vårt enno. Kunne nesten tru at det var nokon som arbeidde for at planen ikkje skal vedtakast. Får håpa at eg tek feil her.

I dag var eg på hjortejakt, men eg såg ikkje ein einaste hjort. Derimot såg eg ein del anna.

Hare

Det verkar som det er mykje hare i år. No er eg ikkje harejeger. Og ein hare kan laga mykje spor. Men:

 

Du ska itte sette snuru
når du sir et hara-spor.
Du ska sjå deg for og akte
alt som flyg og spring og gror.
Du er sjølv en liten vek en,
du treng sjølv en storebror.

Einar Skjæråsen.

Rype

I avisa vår har det vore ein del skriving om freding og stogg i rypejakta. Det skadar sikkert ikkje. At rypejegerar, og spesielt jegerar med hund skal utrydda rypestamma, verkar noko overdrive. Det eg trur er verre, er at lokalkjende jegerar fyller fryseboksar med ryper på etterjulsvinteren. På denne tida er det kjent at større flokkar samlar seg, konsentrert, til dømes ved Vanndalsvatnet og ved Turtagrø. Eg er meir redd for at vitlaus jakt på desse stadene kan vera skadeleg for rypene. I alle fall frå Turtagrø fortel ryktene  om “rypemassakrar”.

Oter

I fjor såg eg for første gong spor etter oter i Jostedalen. I dag såg eg spor etter oter, både ved Fåbergstølen og i Øy. At ein oter utryddar aurebestanden i ei elv, har eg lite tru på. Ser heller omvendt på det: Oteren hadde neppe vore her to år på rad viss ikkje det var ein ok bestand av fisk i elvi. Elles er det ei skam kor lite folk fiskar no for tida. Mi røynsle er at det er mykje fisk i elvi, om han er heller småvaksen. Men i blant finst det ogso storsuggar…

Elg og hjort

Eg såg ikkje rykande ferske spor etter desse i dag, berre attsnødde spor. Elgane som går her om sommaren har kanskje drege til Skjåk. Men teikn tyder på at enkelte dyr kanskje overvintrar her hjå oss.

Dei fleste hjortane har trekt ned mot sjøen no. Men  framleis står her nok enkeltdyr og småflokkar. Om nokre år tippar eg at stadig fleire hjortar kjem til å overvintra her framme. Mattilgangen og snødjupna er ikkje det største problemet. Rovdyr, laushundar og ikkje minst folk som uroar dyra, kan nok vera eit større problem.

Jerv, gaupe og bjørn

Dei to førstnemnde såg eg ikkje spor etter denne dagen, men dei treng ikkje vera langt vekke. Om eg såg eller har sett bjørnespor, so har eg tenkt å halda det for meg sjølv. For ei stund sidan var det spor etter bamsen i dalen vår. Maken til aktivitet av SNO, fjelloppsynar, wannabe-bjødnajegerar og andre skal ein leita ei stund etter. Var visst til og med folk som fekk søvnvanskar av å tenkja på at her kanskje var bjørn. Og andre slutta å gå den helsebringande spaserturen sin, livredde for å møta Bamse Brakar der vegen gjer ein sving. Nei, det er nok best både for folkehelsa og bamsen sjølv at folk held tett om bjørneobservasjonar. Derimot, viss bjørnen byrjar å drepa sauer, skal eg stilla opp. Viss eg får lov, då. Nei, skal folk flest og bamsen spesielt behalda helsa si, so kan det vera like greitt å halda kjeft om eit stakkars bjødnaspor, meiner no eg.

Elles

Nokre ramnar, ørn, revaspor, mår, kanskje mink….? , røysekatt, snømus….?, smågnagarar er det ein del av. Trebjødn har eg sett spor etter lenger heime. Og skispor frå Bjønnstegane og framover, ogso lenger heime, positivt det og.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: