Film: “Trolljegeren”

I går var eies på kino i Kulturhuset i Sogndal og såg Trolljegeren. Dette er eigentleg ein sensasjon. Han er kanskje ein av dei i kommunen  som ser minst film. Han har vanskar med å halda konsentrasjonen ein heil film, og det er ikkje uvanleg at han sovnar når han av og til prøver vera sosial og sjå ein film, han og. Dette handlar jo ogso om å vera orientert om kva som skjer i samfunnet: fotballkampar, skiskyting, bingo, vera orientert om temperatur og snødjupne…

Filmen var anbefalt av eit familiemedlem. eies ga filmen terningkast 5/6. Sjanger var visst mockumentary. Enklare er det å seia at her var herleg humor, parodi og ironi, men også spenning og høg dramatikk. Filmen var teken opp med handhalde kamera, og denne teknikken var nydeleg utnytta. (det var også scenar  frå vårt distrikt, mellom anna tydelege bilde frå Turtagrø)

Dette var ein svært bra film.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: