Mislukka ettersøk

Eg skriv meir om rykte eg har høyrt. Det er ikkje alltid ufarleg. På den eine sida Ingen røyk uten eld. På den andre sida: Ei fjør kan lett bli til fem høns.

I seinare tid vart ein hjort påkøyrd i Hafslo-området. Det var visst nokså sikkert at hjorten hadde knekt ein framfot. Hjorten vart ikkje attfunnen eller avliva. Etter det eg har høyrt vart det ikkje brukt ettersøkshund. Men eg strekar nok ein gong under at dette er eit rykte.

At det ikkje vert brukt ettersøkshund ved skadeskyting eller påkøyrsler er ikkje bra. Måten ettersøkshundar blir brukt/ikkje blir brukt, i alle fall her i kommunen, er uheldig. Slik eg ser det, viser dette at nokon, av uforståelege grunnar ikkje forstår korleis ein ettersøkshund kan hjelpa til ved avliving av skada dyr. Ei  anna forklaring kan vera ein generell skepsis til jakthundar og ettersøkshundar spesielt.  Men så lenge ein ikkje får ein open diskusjon her, vert det nyttelaust. Og ettersøksarbeidet står i stampe.

Ein hjort som er skada i ein framfot, er særs vanskeleg å spora opp og avliva. Eg har klart det kun ein gong. Vanlegvis vil ein slik skada hjort nokså enkelt springa unna ein tradisjonell ettersøksekvipasje med hunden heile tida i line.

Derimot vil rasar av ein litt annan type, som td. elghund, laika og sikkert mange andre rasar, kunna sleppast etter hjorten, stogga han, ta stålos på hjorten slik at jegeren kan snika innpå og avliva. Slike hundar finst i Luster ettersøksring.

Det er trist å høyra at ettersøkshundar ikkje vert brukte meir i Luster. Kvifor det er slik, er merkeleg. Vanlegvis  så ynskjer me ikkje at skadde dyr skal lida unødvendig.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: