Hund som jagar hjort

Dette er eit rykte eg har høyrt. Og eit rykte seier ofte meir om den som formidlar ryktet enn den det gjeld. Men eg tek likevel sjansen.

Ein hund av same type som den Steinar B. har, men visst nok  større, har jaga hjort i Espeøyane. Ryktet sa at skummet valt ut or kjeften på hjorten.

Ryktet seier vidare at fjelloppsynet har observert ein hund i Krokaskredene. Om det er den same hunden, veit eg ikkje.

Slikt er sjølvsagt ikkje bra, viss det er tilfelle.

5 kommentarar to “Hund som jagar hjort”

  1. eies Says:

    Nye rykte: Det var visst ikkje sikkert at “skummet valt or kjeften på hjorten” likevel.

    Hjorten berga seg visst nok ved å springa over elvi. So liti som elvi er no, so var det merkeleg at ein slik hund, med slik jaktlyst, ikkje fylgde etter.

    Elles har eg høyrt “på bygdi” at det er utenkeleg at ein hund klarar å sprengja ein frisk hjort når det er so lite snø som no. På skareføre, der hjorten trør gjennom medan hunden flyt oppå, er det noko heilt anna.

  2. ok Says:

    Hvis det er slik at noken har sett at hjort er blitt jaga av hund, så er det vel berre å spørgje vedkommande om hunderase, korleis hunden såg ut og tilstanden til hjorten. Det skulde vel vere ein enkel måte å få avkrefta eller bekrefta rykta som går?

  3. eies Says:

    Einig!

    Men eg er etter kvart ikkje sikker på kva nokon har sett, og heller ikkje kor mange som har sett noko. Eg har berre høyrt brotstykkjer av eit rykte.

    Men eg høyrde ein gong eit eventyr om ei fjør. Og fem høns. Lurer på om det var av H.C. Andersen.

  4. eies Says:

    Det hang visst ein blå taustump i halsbandet.

  5. Bølla Says:

    Det var ikkje meg.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: