Hjortajakt med Wachtelhundar på Veitastrondi

To foto frå området der hjortane stod. Eg har sett både gnag og feiemerke av hjort. Men desse gnage/feiemerka kun på aoren (or-en), kva trur lesarane det er… ?

Det var kennel Støyletufta som hadde eit slags “kvelpetreff” på Tørvis i Marifjøra. Kennel Støyletufta driv oppdrett av wachtelhund. Les meir om samlinga i Luster på heimesida deira.

Personleg trur eg Wachtelhunden er den rasen som egnar seg best til hjortajakt her hjå oss,  og eg har lenge ynskt meg ein slik hund. Ein stor fordel er at det vanlegvis er null problem å få hunden med seg heim etter at jakta er slutt, Eigarar av meir tradisjonelle rasar som dachs, drever, beagle og til dels eghund, er at hundane stundom vert gåande i skogen natta over, ja, også lenger…. Delvis er nok dette ei dressursak, men noko slikt har eg lite lyst til å ta sjansen på. (At dette provoserer alle jakthund-hatarar skal eg ikkje nemna, denne gongen….. )

Enkelte wachtelhundar vert også brukte på gaupe og bjørn. Nokre av dei har “standinnstinkt” for rype og skogsfugl.

Som sagt: Dette er ein svært interessant hunderase, etter det eg har sett, høyrt og lese. Håpar eg kan få ein slik om ikkje alt for lenge…..

Eg takkar for at eg fekk vera med på Veitastrondi!

Ei tilbakemelding to “Hjortajakt med Wachtelhundar på Veitastrondi”

  1. Hjortajakt på Veitastrondi – reportasje i svensk jaktblad « Breheimen-Luster Villrein Blog Says:

    […] haust var eg på Veitastrondi og såg på hjortajakt. Det svenske jaktbladet Jakt journalen var der og. Eg har skanna reportasjen […]

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: