Vart bjørnen i Jostedalen skremd ut av hiet sitt… ?

...

Fotoet har eg “stole” frå Sogn Avis. 

Me veit at bjørn har område der han føretrekkjer å liggja i hi. Eit slikt område finst mellom anna i fremste delen av Jostedalen. I går var me på tur/jakt. Brått kom me over spor som kom direkte ut frå dette hi-området.

Resten av det eg skriv baserer seg dels på fakta, dels på gjetningar over kva som har skjedd. Mykje tyder på at bjørnen hadde slege seg til ro i dette hi-området. Kanskje hadde han lagt seg inn også.

Dei siste dagane har det vore ein hektisk aktivitet i Jostedalen av SNO, fjelloppsyn, nysgjerrige døler og wannabe-bjørnejegerar. Ein bjørn som skal gå i hi har nedervde instinkt som gjer at han er ekstra varsam i denne tida. Auka menneskeleg aktivitet i området verkar då særleg stressande. Fotspor synte at folk hadde gått i ein avstand av berre nokre få hundre meter frå hiet/hia.

Viss målet var å få bjørnen til å leggja seg til ro, var dette ein svært dårleg strategi. Viss målet var å skrema bjørnen ut av dalen, kanskje få han til å bruka opp litt av feittreservane sine FØR han gjekk i hi, då var dette ein vellukka strategi.

Eg håpar at SNO og fjelloppsynet ikkje var dei som sette av spori som me såg, men at det var tankelause/nøye planlagde handlingar av amatørar.

11 kommentarar to “Vart bjørnen i Jostedalen skremd ut av hiet sitt… ?”

  1. fos Says:

    Så me var tankelause amatørar som gjekk der framme i går? Før me viste no ikkje om bjønn var komme fram att i Stordalen!

    Om folka som me såg spora etter i Stordalen i går har skremt bjønn så er de vel løge att han har komme ned på grandane og så gått heimover. Same retning som folka hadde komme frå og som dei returnert.

    Nei eies, grunn til att bjønn ikkje slo seg til ro i Styggeli er nok att alle gamle hi der var opptekne av andre bjønna.

  2. JAa Says:

    Men er det slik at den som såg fotspora til andre tett inn på hiplassane ikkje forstyrra? Vanskeleg å forstå dette for ein som ikkje er oppvaksen med bjørn i tunet.

  3. eies Says:

    Takk for innspel.

    Viss nokon tykkjer det er ok, eller til og med ynskjeleg, at bjørnen skal gå i hi i Jostedalen, då bør ein unngå menneskeleg aktivitet i og omkring hi-området. Så langt som råd er.

    Viss nokon ynskjer bjørnen laaaangt vekk, td til Nordfjord eller til Austlandet, då vil mykje menneskeleg aktivitet i og omkring hi-området i Jostedalen vera bra.

    Eg har hatt kontakt med ein “herverande” SNO-ar. Eg trur denne personen har bra peiling. Dette er litt av opplysningane eg fekk:

    – Bjørnen brukar sjeldan same hiet fleire gonger.
    – Det er binnene som går i hi først.
    – Det er over hundre år sidan det sist var ei binne i Jostedalen, så spori me har sett i det siste er nok etter ein hannbjørn.
    – Bjørnen går i hi i slutten av november.

    Eg reknar med at no vil diskusjonen ta av eller stoppa opp.

  4. fos Says:

    Eies, du svara ikkje på spørsmålet mitt.

    Att bjønn normalt går i hi i slutten av november strides no dei lærde om. Sjå denna artikkelen: http://www.adressa.no/nyheter/nordtrondelag/article778420.ece

    At nokon kan seia att de er over hundre år sidan de har vore bjønna binne i Jostedal er de vel ingen som verken kan bekrefta eller avkrefta. De er heller ingen som kan seia kor mange bjønna som har overvintra i Jostedalen dei siste 100 åra.

    Sjølv om ein bjønn sjeldan brukar same hi fleire ganger er de vel ikkje utelukka att andre bjønna finn gamle hi og brukar dei?

  5. eies Says:

    Då kjem svaret på spørsmålet frå fos. Spørsmålet var: “Så me var tankelause amatørar som gjekk der framme i går?”

    Svaret er delvis ja, dels nei. Me var amatørar, men me var ikkje tankelause.

  6. eies Says:

    Den artikkelen du viser til, er etter det eg forstår eit eingongs-tilfelle. Og beviser neppe noko som helst.

    Ingen kan vel BEVISA at det ikkje har vore ei binne i Jostedalen dei siste 100 åra. Men det er nokså SANNSYNLEG. Vil eg tru.

  7. fos Says:

    I den artikkelen står de:
    I Nord-Skandinavia går bjørnehannene i hi i begynnelsen av oktober og kommer ut i april. Binnene går i hi på samme tid og kommer ut av hiet i begynnelsen av mai.

    Kvifor er de nokså sannsynleg att de ikkje har vore binne i Jostedalen dei siste 100 åra? Her lyt me ha dokumentasjon og ikkje berre synsing.

  8. eies Says:

    Eg las berre det om den “forvirra” bjørnen, so eg fekk det dessverre ikkje med meg. Det kan sikkert diskuterast om bjørnen går i hi i oktober eller november. Sjølv har eg lite peiling.

    Når SNO-kontakten min seier at det ikkje har vore ei binne i Jostedalen dei siste 100 åra, so verkar det heilt rimeleg på meg. Det finst mange dyktige folk i SNO, og eg ser i alle fall ingen grunn til å tvila på denne personen. (Sjølv om eg veit at SNO er vorte eit skjellsord blant mange i Jostedalen…)

  9. Knut Nybø Says:

    Det er vell Heidi og Janne som styrer SNO og Mjelstad sine uttale, det er vell ikkje eigne vurderinga?.
    Ein bjøren som ligg i hi 5-6 månad i Jostedalen er det eit streif-dyr jamført rovdyr sone 1?.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: