Har du lyst på ein god brukshund/jakthund… ?

Ho mor (Io) hadde ein del strev med son sin. Han var ein aktiv krabat, og slike treng ofte ei fast hand (pote). Han fekk sanneleg gjennomgå når ho tykte han gjekk for vidt. Men her er det visst berre ømme mors-kjensler ho viser – kanskje med litt formaning. Som det står i Bibelen: “Den som elskar sitt barn, tuktar det!” (Ordet “tuktar” kan rettnok baserast på ei feiltolking av dei skriftlærde).

Io sin son, Tassen, skal omplasserast. Denne hannhunden er no vel 2 år gammal. Han har fått “verdens beste” start i livet: Opplæring som søkshund på Rune Fjellangers Hundeskole i Bergen. Tassen har ikkje vore i arbeid som søkshund, men har fungert som kurshund/opplæringshund/sosialiserings-hund  på hundeskulen. Reknar med at han kan fungera godt til dømes som ettersøkshund, eller som støytande jakthund. Det er ikkje noko “muffens” med omplasseringa, så langt eg veit. Det er av plasshensyn han no må omplasserast.

Tassen treng aktivisering for å fungera. Søkstrening (leiting) og/eller “dressur” vil vera heilt nødvendig. Han treng soleis ein eigar som vil bruka tid og energi. Då vil han truleg kunna vera ein fantastisk familiehund. Han har fungert svært godt saman med andre hundar, også hannhundar. Gemyttet skal vera framifrå, etter det eg har høyrt. Hunden er likevel robust og taklar utfordrande miljø på ein framifrå måte. 

Akkurat no har eg ikkje mulegheit til å ta meg av Tassen. Eg ser difor etter ein potensiell eigar med tid og interesse for hunden. “Gammeldags” dressur med skriking, brøling og fysisk avstraffelse vil ikkje fungera – eller vera aktuelt. Bur du i nærleiken skal eg hjelpa til. Ein del tips kan du også få frå Rune Fjellanger.

Viss du er interessert, bør du bestemma deg i løpet av ei veke.

3 kommentarar to “Har du lyst på ein god brukshund/jakthund… ?”

  1. Oddvin Says:

    Spennande hund, dette bør noken slå til på.

  2. eies Says:

    Einig. Men hunden må nok aktiviserast. Då kan han kanskje bli som eit kose-lam. Viss hunden ikkje blir aktivisert, kan han gi eigaren problem.

  3. Inger Says:

    Sjå spanielklubbens heimeside. Der er det ein som er på jakt etter omplasseringshund no.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: