Grevling på Hellebø

I ettermiddag då fos skulle på arbeid låg det ein grevling i vegen ca 25 m frå hovudvegen.

Eg fekk lyst til å skriva eit dikt:

Det tusla ein grevling på Hellebø

no tuslar han ikkje lenger. 

6 kommentarar to “Grevling på Hellebø”

  1. Kjellrun Says:

    Tuslar seier du,
    eg seier har vralta.
    Grevlingen som
    vralta der
    vraltar ikkje lenger.
    ingen kunne skulde han for å vere snøgg eller gløgg,
    men vralte, det kunne han.

    Eg og ville dikte🙂

  2. eies Says:

    Fint dikt. Ein Hellebø-grevling verdig!

    Det har kome Villreinbloggen for øyra at ein lokal jeger og morokar har vore observert kring Hellebø i ettermiddag. Det har også vore antyda at denne karen kan ha “planta” grevlingen her (samanlikn Treholt-saka).

    Men slike vondsinna rykte høyrer me sjølvsagt ikkje på. Inntil me får vita dette meir konkret, så går me ut frå at dette er den legendariske Hellebø-grevlingen som ma Jostein og Kjellrun såg. Underskrivne kan også koma ut av skåpet og fortelja om ei svært mystisk hole som eies såg for nokre år sidan på Hellebø. Den var greven under ei fururot, og eies funderte lenge på kva dette var.

  3. Anne Marte Says:

    Endeleg bevis til dei som ikkje har trudd på at det faktisk er grevling i dalen. Hurra! Men trist for den daude grevlingen.

  4. eies Says:

    Ein pionær-grevling ved FOS
    han var ingen stor virtuos.
    Åt sneglar og makk
    og ingen sa takk.
    Til himmelen drog han sin kos.

  5. eies Says:

    So er det visst nok slege fast det som ryktet sa: Grevlingen var “planta”. Det var nok ikkje den legendariske Hellebø-grevlingen, men kun ein nedaføre/innaføre/utaføre… -grevling.

    So Hellebø-grevlingen lever framleis i beste velgåande. Eller kanskje her er fleire….. Kunnige folk hevdar også bestemt at det skal vera grevling i Fåberg.

    Denne grevlingen er i alle fall daud !

  6. eies Says:

    Litt trist…. dette.

    Vurderer å oppretta ei facebook-gruppe for den sjikanerte grevlingen i Jostedalen. Som attpåtil somme hevdar ikkje finst. Frammi her.

    Grevlingen må vera eit typisk lågstatus-dyr. Trass i Jostein sitt innlegg på Hellebø-bloggen vert han neppe nokosinne noko matvilt. Pelsen er det visst ikkje mange som bryr seg om. Så grev han hol i plenane til folk på jakt etter makk. Han veltar bos-dunkane og rotar til. Og grisar….

    Ein skikkeleg outsider, med andre ord. Er det marked for “grevlingens vener” eller liknande? Tenkte faisbukk var eit ok forum. Kva meiner folket… ?

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: