Io og fos gjekk eit svært bra blodspor som heldt til 1. premie

Hadde tenkt å ta bilde ute i skogen, men gløymde det. Difor desse frå sofaen etter sporet var ferdig. fos, Io og Helge A. som var dommar. Hunden hadde “lyskastarar” i augo på det eine bildet. Eg prøvde å fjerna det, men var ikkje heilt heldig…

Her er ordlyden i dommaren sin kritikk:

Litt nølande sporstart. Går deretter resten av sporet i eit utmerka tempo, uten problem. Ein lettlest, spornøyen hund.

I sporstarten hadde Io eit 90 graders utslag på sporet, men kom direkte inn att. Det verkar faktisk som ho har lagt seg til ein slik “sjekk”/ “dobbeltsjekk” av sporet i starten, for ho har gjort det same no på fleire prøvar.

Sporet var 610 m langt – mælt med GPS. Det hadde lege 24 timar, og det er mykje meir enn vanleg.

Eg tykte det var ein fryd å gå etter dei på sporet. Io var neppe mange meter frå sporet nokon stad, og Frank var konsentrert på hunden slik ein god førar skal vera. Oftast er det føraren som øydelegg for hunden på ei sporprøve. Men det gjorde ikkje fos.

Dette var ein solid revansj for den dårlege innsatsen på sporprøven i Fortun. Og fos viste at han har vit på hundar, og kan gå eit godt spor. Viss han vil fortsetja med det, kan det bli skikkeleg bra…

2 kommentarar to “Io og fos gjekk eit svært bra blodspor som heldt til 1. premie”

  1. fos Says:

    Io har nok hatt ein god trenar opp gjennom åra, all ære til Eies.

  2. eies Says:

    Takk for det!

    Viktig er det at Io stammar frå hundar som har vore dyktige på spor. Så trur eg at eg har vore heldig og brukt ein god innlæringsmetode. Enkelt sagt går den ut på å leggja enkle spor i starten, og å leggja ut godbitar med ujamne mellomrom på sporet. Då trur eg ein bør finna fram til det hunden likar ALLER best. Å bruka nygrilla kylling (utan bein), kan ein godt gjera. Lever, rå eller steikt, er også fint. Vanleg hundefor er for dårleg som motivasjon. Somme fnyser av ein slik innlærings-metode, og det må dei gjerne gjera….

    Viss hunden forlet sporet, må ein ikkje “stoppa” eller “hjelpa” hunden. Då vert hunden usikker og usjølvstendig. Her gjorde fos heilt rett i går!

    Dette er det eg har tru på. Men heldigvis har eg massevis att å læra.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: