Har P.Chr. Asbjørnsen fiska i Viva-tjønni… ?

Då kunne han i tilfelle ha skrive det slik:  

Når verden går meg imot, og det unnlater den sjelden å gjøre når det gis noen leilighet til det, har jeg stetse funnet meg vel ved å ta en friluftsvandring som demper for min smule bekymring og uro. Hva som hadde vært i veien denne gang, husker jeg nu ikke mere; men det som står klart for min erindring, er at jeg en sommereftermiddag for noen år siden vandret oppover bakkene langs elven, med fiskestangen i hånden, forbi Øy og Vetledøla forbi Snerpemyren til oset ved Vive tjern.

Eit ørlite åndeleg slektskap, i det minste ein slags parodi, følte eg i alle fall der eg rusla ned til den ynkelege tjønni med Jerven-sekken under armen. Dette var kvelden før bileta på forrige innlegg. Var det etisk forsvarleg å fiska i denne vesle søle-dammen slik situasjonen var… ? Eg tok nokre kast for å sjå.

Og jammen beit det i løpet av nokre få minutt på tre aure-pinnar. Eg hadde ikkje bruk for fleire og avslutta. Sløygde fiskane, pakka dei inn i folie med ein liten smørklatt og ørlite salt. La det oppå bålet. Dette plar vera garantert suksess. Men denne gongen (når fotografen var med – typisk nok…) feilberekna eg varmen og pakken vart altfor svidd. Men saman med litt kvitvin av det rimelegare slaget var dette snadder attmed bålet. Plar forresten aldri reinsa vekk skinn og bein på dei minste. Beste smaken i steikt fisk sit i skinnet. 

Kvelden var lun og fin – likevel ikkje så mild at den eksklusive Viva-myggen stakk meg. I ein mindre sølepytt attmed tjønni var det fullt opp av rumpetroll. Dei heldigaste av desse godgjorde seg med hovudet og sporden på ein fisk som nokon hadde sløgd her. Litt detektiv-verksemd sa meg at dette var ein større fisk. Så ein og annan fisk over halv-kiloen er det nok i Viva-tjønni, framleis.

Eg kraup ned i Jerven-sekken, og hunden la seg utanfor. I løpet av natta kom det litt duskregn, men eg drog att alle glidelåsar og hadde det heilt fint.

Ut på morgonstunda vakna eg av sterke vibrasjonar ved fotenden. Det var hunden min som låg og skolv. Ho var nett ferdig med røytinga og var mest utan pels no. Med regn i tillegg, greidde ho ikkje å halda varmen lenger.

Pakka saman, og drog heim. 

Ei bøn:

Lat Viva-tjønni på nytt bli den perla ho fortener å vera, der ho ligg: Lita og nesten litt vanskeleg å få auga på. Ein fin stad å vera, ikkje minst for dei yngste, på fisketur for første gongen!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: