Blodsporprøve i Fortun

Bak: Torill O. og Andreas O. Framme frå venstre: Jeanette K, prøve-vinnar. Eva R. nr 2 og Elin Anita G. , nr 3.

Her, mellom desse stilige damene/hundane ynskte då eies å sitja med Io. Men slik gjekk det ikkje. Dei hadde sin desidert dårlegaste prøve-innsats så langt eies kan hugsa.

Før start var Io litt “rar”. Ho er nett ferdig med røyteperioden ( som somme seier varer heile året…), og etter ho er ferdigrøyta plar det som regel koma løpetid. Tispene kan visstnok vera litt lunefulle då, sjølv om eg aldri har merka noko slikt tidlegare på Io. Kanskje ho rett og slett var premenstruell… ? Dei toføtte damene veit vel meir om dette.  

Sporstarten gjekk sånn litt bob – bob, måtte tilbake og sjekka i oppsparket. Og konsentasjon verka vera dårlegare enn til vanleg. Men dei følgde då sporet eit stykke, trudde dei i alle fall.

Etter ei stund kom dei frykta orda frå domaren: Meiner du at hunden følgjer sporet no…? Eies tok ho attende på sporet i håp om at ho skulle ta det opp att, men det vart berre rot, og domaren braut sporet. For treninga sin del fekk dei likevel gå til sporslutt.

Det var mykje hjortespor i området, fersk møk og mykje oppspark. Dette veit me ikkje, men det er ikkje urimeleg at Io hadde teke inn på eit rykande ferskt hjortespor, utan at eies hadde merka det. I følgje dommaren gjekk ho i alle fall veldig kontant ut på ein hjorteveg, så urimeleg er det ikkje.

Å venta på ein 0.premie er sjeldan spesielt morsomt. Men eies gjorde det likevel, kjekke folk å prata med.

Men kvifor gjekk det så dårleg…? Lukke til fos.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: