Viva-tjønni – eit trist syn

Viva-tjønni kjem aldri til å stå på nokon statistikk over antal kg fisk. Ho er altfor verdifull til det. Verdien av denne vesle tjønni kan ikkje mælast i millionar og milliardar.

Ho ligg like under Styggevassdemningen. Før utbyggingi vart det teke større fisk her. Etter utbyggingi har vassstanden minka tragisk. (På det eine biletet over har eg stipla med raudt vannstanden før utbyggingi. Den gule stiplingi er høgste vannstand etter utbyggingi. )

Tjønni er ein fantastisk fin plass for småbarnsforeldre å vera med ungane. Temperaturen er i periodar heilt ok for bading. Og det er minimalt med fare forbunde med at ein unge skal plumpa uti – i motsetnad til resten av Jostedalsvassdraget.

Tjønni er no kanskje overbefolka med småfisk – midt i blinken for ein nybegynnar i fiskekunsten. Men her er også større fisk.

I tørkeperiodar som no, har tjønni katastrofalt låg vannstand. Overflata er no berre ein brøkdel av det “normale”. Sidan tjønni er så grunn, merkast dette ekstra godt. Om det er fiskedaude veit eg ikkje. Mygg er me vel ikkje spesielt glade i. Men det er vel litt eksklusivt å bli stukken av mygg på Viva…

Ryktet seier at i samband med Fjelloppsynet har grunneigarane klaga på vannstanden, fleire gonger. I nedste enden er det såleis lagt ut kraftige presenningar med sand oppå – for å stoppa lekkasje. Elveløpet inn i tjønni er ogso greve opp att. Men dette fungerer tydelegvis ikkje. Og kva kan grunneigarar stilla opp med mot eit konsern med juristar og sakshandsamarar… ?

Villreinbloggen meiner at det einaste som nyttar, er at utbyggjaren stenger eit par av bekkeinntaka som no fangar opp vatnet som renn inn i tjønni. Dette treng kun gjerast i turkeperiodar. Finst det betre løysingar, så er det glimrande. Teknisk skulle dette vera overkomeleg, vil eg tru. Økonomisk også.

Slik som det er no, kan det ikkje vera. Dette har vore klaga på frå grunneigarhald i mange år. Kva om Bygdalaget eller andre organisasjonar støttar desse….

Dette må vera flautt for kraftselskapet.

8 kommentarar to “Viva-tjønni – eit trist syn”

  1. eies Says:

    Meir skal det ikkje til!

    No har det regna, og det var mykje meir vatn i tjønni.

  2. fos Says:

    Detta egna seg godt som eit lesarinnlegg i Sogn Avis.

  3. eies Says:

    Faor vell ikkje me billdi…

  4. fos Says:

    Kanskje du får med eit par tre bilete!

  5. eies Says:

    Skal tenkja på det. Men vanlegvis trur eg avisene vil ha inlegget/artikkelen først, DERETTER kan det leggjast ut på bloggar el. Viktigast at folk flest blir klar over dette, vil me at det skal vera slik…

  6. SB Says:

    Bra skrive blogginnlegg, Eies. Send det til Sogn Avis. Det er ei viktig sak, både prinsipielt og for tilstanden i Vivatjønni.

  7. eies Says:

    I går var det på nytt svært lite vatn i tjønni.

  8. Siste frist for å senda høyringsuttalelsar til NVE « Breheimen-Luster Villrein Blog Says:

    […] Viva-tjønni. Denne tjønni hadde før utbyggingi ein høgre vannstand enn ho fekk etter utbyggingi. Dette ser ein på vegetasjons-sonene langs kanten av tjønni. I tilleggg har tjønni i turkeperiodar hatt ekstremt låg vasstand. I turkeperiodar er tjønni eit skjemmande sår i landskapet. Viva-tjønni er til vanleg ein trygg stad for småbarnsforeldre og andre som vil bruka staden til bading, fisking mm. Resten av vassdraget er stort sett ueigna til å la ungar vera åleine pga vassmengda, farten og temperaturen i vatnet. Fleire opplysningar og bilete her: https://eies.wordpress.com/2010/08/21/viva-tj%c3%b8nni-eit-trist-syn/ […]

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: