NM blodspor er over for eies og Io

Nokre bilete eg tok. Frå stemneplassen, festmiddagen, eit ektepar frå Jølster som eg kjende litt frå før, fotografering av dei tre beste, vinnaren med kongepokalen, eit stemningsbilete frå forteltet til tre utruleg kjekke sunnmøringar eg vart kjend med, kritikkskjema og premiar.

Konkurransen var ved Ila, utanfor Trondheim. Først var det kvalifiseringsomgang. Sporet vårt låg i nokså tjukk blandingsskog, men ein del av sporet gjekk også på meir opne område. Vanlegvis er det mykje enklare for hunden i tett kratt.

Like etter start hadde Io eit lite utslag på “eit eller anna”, men ho kom raskt inn att på sporet. Dette utslaget fekk ho litt trekk på – og det er dommaren som dømmer…!

Etter ca 50 m forstod eg at her var det viltlukt – Io vart heilt “vill”. Prøvde å roa ho ned, men dessverre ga ho frå seg litt lyd, og etter reglane skal det trekkast for slikt. Brått letta det ei orrhøne som både førar, dommar, kjentmann og Io såg godt. Men eg ser ikkje bort frå at det kunne liggja att eit heilt kull inne i krattet. Men dette er berre tankar eg har gjort meg.

Etter ei stund begynte me å søka etter spor att. Så var det ein ny “ploff”. Denne gonge letta det ei rugde nokre cm framfor nasen på hunden. No var det liksom at Io roa seg att, og me søkte vidare etter sporet.

Det gjekk diverre ei stund før Io fann att sporet. Eetter det dommaren sa gjekk me glipp av inntil 50 m av sporet. Dette vart me også trekte for.

Men etter at Io fann att sporet i første vinkel, gjekk ho feilfritt til sporslutt (utan oppspark…) Rådyrfoten knaska ho i seg med hud og hår etterpå. Det låg berre att nokre beinsplintar.

Domaren var imponert over at Io tok opp att sporet etter å ha vore sopass distrahert av viltlukter. Ja, det er nettopp slikt som karakteriserer ein god sporhund. At hunden taklar distraksjonar utan å gløyma jobben sin, er vanlegvis noko som gir mange pluss-ar på skjemaet.

Etter me hadde kome i mål, var eg svært usikker på resultatet. Pga feilfri sporing dei siste 500 m av sporet og at hunden hadde takla ei rugde og ei orrhøne + + + , kunne det forsovidt bli 1.pr m. HP. (då hadde me truleg gått vidare). Pga at Io laga lyd/klynking og truleg misste ein del av sporet, var eg også førebudd på ein 3. premie. Det vart ein 1. premie!

Dette skreiv dommaren:

Går ut av sporet etter 50 m og går over på viltspor. Kommer på sporet etter 5 min, og sporer feilfritt til sporslutt etter 20 min!

Dommaren var heilt grei han. Han hadde elghund sjølv. Viss eg hadde hatt ein dommar som hadde fuglehund, ser eg ikkje bort frå at resultatet kunne ha vorte annleis. Men det er dommaren som dømmer. Sjølvsagt!

Inger Handegård har skrive om hunden som vann mm. Ho har også skrive om resultat frå NM blodspor.

4 kommentarar to “NM blodspor er over for eies og Io”

  1. bbirkenes Says:

    Gratulerer med flott resultat!

    Kan jeg få bruke oppstillingsbildet av vinnerne (bilde nr 11) på bloggen min (www.ettersokshund.no) med henvisning til denne bloggen som kilde?

  2. SB Says:

    Gratulere Eies og Io med flott innsats i blodspor-NM! Berre eit spørsmål: Er det mykje doping i dette blodspor-miljøet og blir hund og eigar doptesta i slike store tevlingar som NM?

    • eies Says:

      Takk for gratulasjonen her på bloggen!

      Du spør om doping, og eg tykkjer det er vanskeleg å gi eit klart svar. Det spørst korleis du definerer doping. Næriggjande å tru at det vart drive blod-doping på blodspor-prøvar. Men kjenner ikkje til dette. Heller ikkje på finske hundar.

      Som ein del av premien fekk eg ein liten pose med eit pulver frå ROYAL CANINE. På posen står det: “Rehydration support. Electrolyte instant. Veterinary diet.” Truleg er dette pulveret lovleg både til hund og førar sidan eg fekk det som premie.

      Dop-testing av hund og eigar har eg aldri høyrt om i dette miljøet. Derimot vert det gjort ein nøye kontroll med om hunden er den han gir seg ut for. Dette vert gjort med eit apparat som registrerer innhaldet på ein sokalla mikro-chips som ligg under huda på hunden.

      Identiteten til førarane vert merkeleg nok aldri sjekka. Ein enkel spytt-test for å registrera DNA hjå føraren kunne sjølvsagt vore gjort, i alle fall stikk-prøvar. Men som sagt: Når det gjeld identiteten til hundeføraren er det meg bekjent ingen kontroll. So her er det fritt fram.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: