NM Blodspor 2010

I fjor var me ca 5. reserve, i år var me truleg ein av dei aller best kvalifiserte sidan Io i år har 3  HP-ar + 1 frå i fjor. So no er me påmelde, funne verdige til å delta og 500,- i påmedingsavg. er betalt.

Konkurransen startar laurdag 14. august med oppmøte 08.00, i Trondheim. Skal nokon same vegen, så….

Korleis me skal førebu oss veit eg ikkje. Det vert neppe noko blodspor-gåing, i alle fall. Ikkje har eg blod i frysen heller. Har vel meir tru på “miljøtrening” i skog og mark der ho lærer seg til å ikkje missa konsentrasjonen om ho møter noko uventa: Vilt, sauer, hundar …. Men sidan Io absolutt må bort og helsa på alt og alle, er dette slett ikkje lett. Får prøva å heile tida motivera ho for det “eg og ho” driv med.

I min “ungdom” var eg eitt år deltakar med salige Alexander Fili Bom Bom (NB: Berre to – 2 – “bom-ar….”) Me gjekk vel om lag 40 – 50 meter, so var det “over til Oslo, Johans…. “

Ei tilbakemelding to “NM Blodspor 2010”

  1. ha Says:

    Kvifor skal du byrja med noko nytt før NM.
    Du og hunden er kvalifiserte på den måten som de går på no.
    Det du eventuelt skal gjere noko med er ikkje med hunden. Du skal prøve å ikkje småprate med deg sjølv på sporet. Og få augekontakt med dommar der det er noko som du vil vise han, for deretter å peike på det.

    Lykke til på NM, detta kan gå vegen om ikkje noko uforutsett skjer.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: