Det finst fleire hundar i Jostedalen

Oddvin Kveane har ein som har vist gode takter. Gå inn på Luster hundeklubb si heimeside og søk nedover til 14.juni: Bølla har vore på kadaversøkkurs.

Går du inn på menyen til venstre på hundeklubben si side og klikkar på Historier, kan du lesa meir om denne hunden som ettersøkshund på bjørn.

Ei tilbakemelding to “Det finst fleire hundar i Jostedalen”

  1. eies Says:

    Den treninga Oddvin K. driv med hundane sine kunne sikkert koma til nytte, truleg mest i situasjonar der saueeigarar får store tap til rovdyr som bjørn, jerv og gaupe.

    Problemet er at me i Jostedalen, Luster og elles på Vestlandet har lite eller ikkje tradisjon for å bruka hund på jakt. Direkte hundehat kan ein nok møta, men oftare er det ein slags bedrevitande skepsis og “få-sjå-kva-du-duger-til”-holdning.

    Dette er beklageleg. I staden for at td. ettersøksekvipasjen vert tilkalla med det same, så vert det ofte først snakka om å bruka hund som ein siste utveg etter at alle andre utvegar er prøvde. Ein hund har mange gonger større sjansarfor å lukkast viss han vert teken med frå starten.

    Som ein liten anekdote kan eg nemna at for nokre år sidan vart det halde eit “jerve-kurs” for deltakarane i Luster Ettersøksring. Kanskje med unntak av eit hi-uttak, har eg aldri høyrt om at dei som var med på kurset har vorte kontakta i samband med uttak/jakt på jerv.

    Ettersøk på bjørn er noko av det farlegaste og mest krevjande ein kan driva med. Oddvin K. fortener all støtte, og noko håpar eg han har fått. Men eg er redd han har ein lang og tung veg å gå. At ein møter skepsis på grasrot-planet er ein ting. At meir sentrale maktpersonar signaliserer dei same haldningane er trist og trasig. Mest til å gråta over.

    Ein flink hunde-entusiast sa det om lag slik: “Skulle ynskja at desse personane vart tekne av eit snø-ras.” Det var truleg lavine-hund han tenkte på.

    Ja, er forresten byråkratiet og dei folkevalde i Luster villige til å sponsa opplæring av ein lavine-hund i kommunen… ?

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: