Sølv er nederlag, sa Kuppern

Eg er ikkje heilt einig med han. 30. juni var me med på ein sokalla «kveldsprøve». Det var ein prøve der blodsporet hadde lege ekstra lenge. Les om prøven på Luster Hundeklubb sine heimesider. 

Me vart nr 2 (altså «sølv»), 1.pr. med HP. I år har Io til saman fått tre HPar på blodsporprøvar. Det er svært bra, og det er med på å bekrefta det intrykket eg har hatt i det siste av at Io no er vorten stabilt sikker på blodspor. Ein god sporhund vert oftast betre med åra, då erfaring er ein viktig del av sporarbeidet.

Eg håpar no at Io er kvalifisert til NM i blodspor. Me burde ha bra sjansar til å koma med. Ekstra spennande i år med Kongepokal og greier. Men det er mange gode hundar med der. Den som skal vinna må nok «ha dagen» i tillegg må han ha ein god porsjon flaks. «Flaks» innebær at han må møta og takla større utfordringar under sporinga. Utfordringar han td. vera laushundar (der eigaren har brote bandtvangen), elg, rådyr, storfugl eller anna vilt, sauer…. Og dette skal sporhunden takla på ein god måte utan å missa sporet og konsentrasjonen.

Viss det er mange godt kvalifiserte hundar, kan det bli loddtrekning. Då risikerer me å ikkje koma med. Det er eit rart system som eg har vanskar med å forstå. Loddtrekning for å kvalifisera seg til å kjempa om ein kongepokal. Tenk om noko slikt vart innført i friidrett, td!

Inger Handegård har skrive litt om dette.

Advertisements

5 kommentarar to “Sølv er nederlag, sa Kuppern”

  1. ha Says:

    Hunden din går veldig godt den Einar! Skilnaden mellom deg og den som vann på kveldsprøven gjekk på detaljar med førar. Hundane vil eg påstå gjekk like bra.

    Me får vona at du kjem med på NM. Det er ikkje tvil om at du har noko der å gjere. Og går hunden like bra som på denne prøven så havnar du høgt opp på resultatlista.

  2. eies Says:

    Takk ha!

    Og han var altså dommar denne gongen. Når han skriv «detaljar med førar», så har eg oppfatta det slik: Eg har ein tendens til å gå med ei bukt av sporlina i eine handa. Det bør eg ikkje gjera, då ei slik bukt kan hengja seg opp i busker og kratt. Føraren skal jobba seg fram og attende på ei glatt line.

    Det andre er kanskje litt verre, då det går litt på min personlege veremåte. Eg har kanskje eit litt «avventande» kropspråk. Litt laidback med eine handa i bukselomma…. På eit sporsøk er idealet meir i retning av ein indianar med alle sansar, musklar og senar i heilspenn – i alle fall halvspenn.

    Ein del av dette kan sikkert diskuterast. Men som det vert sagt i ein Asterix-film: Det er informasjonen som informerer – og i dette tilfellet: Det er dommaren som dømmer!»

  3. ha Says:

    eies
    Det var litt meir enn det som skilde Dykk. Ho som vann var som ein skugge i skogen, ikkje ein lyd frå start til sporslutt. Skal godt gjerast å gå gjennom eit granfelt utan at ein høyrer det, noko som ho gjorde. Eg klarer det ikkje!

  4. eies Says:

    Hm – ho var altså like stille som «Ånden som går». Fedon-pulveret (eller kva det no heiter) er så godt som bestilt.

  5. ha Says:

    Det er ikkje mykje lyd av deg i skogen heller. Men litt støy vert det av og til. Og når ein skal rangere to forskjellige ekvipasjer vert det vanskeleg å skilje utan å drive flisespikking.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: