Solsnu – solkverv – sommersolhverv

Slik kan eit jerva-spor sjå ut no. Dette er frå området ved Halsa-votni, og for eit par år sidan.

Kjært barn har mange namn. I dag er det den lengste dagen i året.

I går var eies ein liten tur i Styggevatn-området. Det var kaldt! Men kor kaldt det verkeleg var, merka han først då han steig bort på snøfonna. I skuggen var snøen knallhard, det var mest som skorne ikkje fekk feste. Men eitt steg til, og eies trødde gjennom snø-skorpa og sto i snø opp til livet!

Konsistensen på snøen er merkeleg i år. Til vanleg skulle snøen vera fast og fin, men i år er det mest håplaust å gå på sko over ein snøflekk. Tippar han Even L. kan meir om dette.

I stein-brotet under hytta såg eies at små-bekkane hadde frose til med nokso tjukk, kvit is. Hadde vore artig og visst kor mange kuldegrader det hade vore i løpet av natta. Eller kanskje like greitt å ikkje vita det.

Mellom dammen og hytta var nokre ski-entusiastar på veg opp mot Sprongdalseggi. Dei hadde nok meir høvelege fottøy. Dei kunne forresten fortelja om reinspor + jerva-spor. Skal ikkje sjå bort frå at jerven greier å ta ein rein no, viss reinen går seg fast på ei snø-fonn.

Turen til eies gjekk likevel greitt då han prøvde å unngå snøflekker så godt som råd var.

Ei tilbakemelding to “Solsnu – solkverv – sommersolhverv”

  1. alb Says:

    Det hadde vore nyttig for både forvaltning og sauenæring dersom desse skientusiastane kunne rapportere og aller helst dokumentere alle rovdyrobservasjonar som dei har.
    Eg vil på det sterkaste oppmode alle som ferdast i fjellet om å melde frå og om mogeleg ta bilder av det ein ser
    For å få ein vedteken og best mogeleg forvaltning er det viktig å få oversikt over kva som bevegar seg i fjella våre.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: