J. Colman: Reetablering av en villreinstamme i Luster sin del av Breheimen

“Villreinen 2010” er i sal frå og med i dag og Villreinbloggen har vore så heldig å få gi att ein artikkel som fagkonsulent Jonathan Edward Colmman har skrive: Reetablering av en villreinstamme i Luster sin del av Breheimen.

Colman vart “headhunta” av Luster landbrukskontor til å skriva ein rapport i samarbeid med ei arbeidsgruppe oppnemnt av Luster kommune og Fylkesmannen i S. og Fj. Rapporten kjem truleg i nær framtid.

Villreinbloggen har no berre eitt ynskje:

Måtte alle gode krefter gå saman om dette arbeidet, og syta for at arbeidet vidare byggjer på det arbeid fagkonsulenten vår her har gjort.

Det er så lett å koma på ville vegar og lata misforståingar og bagatellar øydeleggja for eit konstruktivt samarbeid.

Les artikkelen til Colman her:  Villreinen 2010 side 53-57

2 kommentarar to “J. Colman: Reetablering av en villreinstamme i Luster sin del av Breheimen”

  1. ha Says:

    Fin informativ artikkel, det var intresant å lese den. Slik eg tolkar den så bør det vere gode sjangser for å få reetablert villreinen i fjella våre. Sjølv om det er langt fram før ein har fått det til.
    Ser at eit av problema i dag er jakt som foregår på grensa til Luster og i områda Ottadalen sør. Jaktforbod er kansje den rette vegen å gå i disse områda i x- antall år. Men ein bør vel og få satt ut rein i Lustrafjelli.
    Kansje det i tillegg til jaktforbod må innførast ferdselsforbod for alle i utsatte områder i einkelte årstider.

    Når den endelege rapporten kjem så vil det vere eit godt verkty for det vidare arbeidet med villreinen.

    Lykke til vidare med ein viktig jobb.

  2. eies Says:

    Heilt einig!

    Og ein ting til: Me må smi medan jernet er varmt!

    NO er Breheimen nasjonalpark nyleg oppretta.
    Til reetablering trengst det pengar.
    Det FINST pengar i systemet.
    Og det er NO det er lettast å få midlar.

    Å utsetja noko meir, kan få store, uheldige konsekvensar…

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: