In the morning: Noen ganger er det ål rait…

I mangel av bilde frå sporprøven måtte me ta eit «skrytebilde» av Io og Mari då me kom heim att. Grøn rosett: For at ho vart nr 2 (2. prøvevinnar), raud rosett: 1. premie spor, lilla rosett: Hp – heiderspremie. Stettglas med inskripsjon (Per Spook, kongle), 1 sekk hundefor. dette var det me fekk for sporet søndagen.

I helgi var NUCH Astrosprings Io (fint skal det vera osv… ) på to sporprøvar i Nordfjordeid. Den første prøven gjekk laurdag. Då vart ikkje resultatet spesielt godt, me kom vel slik omtrent «midt i fatet». Det er sjølvsagt «feigt» å skulda på nokon/noko, men sporet hadde nokså store utfordringar, og desse fann me ut av – men det tok litt tid. Viss nokon lurer på kva «utfordringar» i eit spor kan vera, så er det td større opne myrar, opne parti/rabbar/knausar/berg utan vegetasjon, overgangar til/frå granskog med «steril» botn, ferske hjortespor (som hunden til vanleg skal fylgja – men ikkje no) pluss mykje, mykje meir. Dei som ikkje har erfaring med sporhundar, trur kanskje at ein sporhund er ei «maskin» som du koblar på starten av sporet, og på den andre enden skal hunden finna sporslutt eller ein skadeskoten hjort. «Detta ska ein sporhund kunna takla!» seier dei med kyndig mine. Så enkelt er det dessverre/heldigvis ikkje.

Domaren skreiv denne kritikken på oss laurdag: «Starter fint. 1. og 2. vinkel går fint, men får problem på 3. langstrekke. Mister vinkel nr 3. Vinkel 4 ok. Lovende ekvipasje 30 min. »   2. premie.

Dette var forsovidt ingen dåreg kritikk og prestasjon, men forventningane vart skjerpa til neste dag.

Søndagen var sporområdet meir oppi fjellet, såvidt over grensa til Møre og Romsdal. Det var tørt, lite vegetasjon og sterk sol. Alt dette er også utfordringar i eit sporarbeid. Men denne gongen gjekk det godt, og me hadde ei god kjensle då me fann hjortefoten ved sporslutt.

Ventetida er alltid lang: Først skal alle hundane gå spora sine. Så skulle dei tre domarane skriva kritikkar. Og til slutt skulle dei rangera hundane. Denne gongen vart Io nr 2, altså prøvens nest beste hund, og det er bra! Med dårleg skjult stoltheit konstaterte me at førar til hund nr 3 var ein tidlegare NM-vinnar…

Slik skreiv dommaren: Ein ekvipasje som gjekk eit særdeles godt spor. Litt på sida av sporet på 1. strekka [Eit vanleg fenomen ved sidevind: Hunden går slik at lukta frå sporet bles inn i nasa hans. Har høyrt at i alle fall opp til 17 m til side for sporet i sidevind er «normalt»], men hadde full kontroll. Markerer sårleie. Tok alle vinklar og avhopp utmerket. Heilheitsintrykk: Særdeles godt. «   1 premie og Hp (hederspremie) 

Eg er ingen spesialist på reglar og paragrafar, men eg trur Io med dette resultatet faktisk er kvalifisert til å delta på NM i blodspor. I tillegg til å vera dyktig må ein då også ha ein porsjon flaks. Nedtur kan det heilt sikkert bli, men det hadde jamen vore moro og vore med – om ikkje noko anna…

(Les meir om prøven på heimesida til Norsk Spaniel Klub, avd Sogn og Fjordane 

Klikk deg inn under «Siste nytt»: Fire springere plasserte seg topp på den doble blodsporprøve på Nordfjordeid 29-30 mai. )

———————————————————————————————

5. juni gjekk me ein ny prøve i Gaupne.

Sporet var lagt på Hausamoen. Me var etterpåmelde og måtte difor stilla på kort varsel då reservesporet vart ledig.

Det var ut på dagen, og difor nokså turt i solsteiken. Sporet hadde nok ein del utfordringar. Det var fleire stiar etter hjort og andre dyr, og periodevis var det innom små granfelt. Men ein del tre og busker gjorde det enklare.

4. plass, 1pr. med HP. Det var me godt fornøgde med.

(Les meir om prøven og sjå foto under heimesida til Norsk Spaniel Klub, avd. Sogn og Fjordane.

Klikk deg inn under «Siste nytt»: Fem springere plasserte seg i toppen på avdelinga si sporprøve i Luster 5. juni )

6 kommentarar to “In the morning: Noen ganger er det ål rait…”

  1. SB Says:

    Gratulere! Io er hunden sin, det.

  2. Knut Nybø Says:

    Gratulera med IO.
    Eg måtte avliva Dari i dag, ho var tildelt Norsk viltsporcampionat i2002.

  3. fos Says:

    Ein heilt utruleg ekvipasje, gratulera. Blir ikkje enkelt å vera stand inn der…

  4. kjellrun Says:

    Flinke de er 🙂

  5. eies Says:

    Det var veldig fint med desse helsingane!

    Elles er eg heilt sikker på at Io ikkje bryr seg om heder og berømmelse i det heile teke. Hundar har ein utruleg sunn livsinnstilling slik. Derimot sette ho stor pris på ein god stubbe med vossakorv som ho fekk då ho kom til sporslutt.

    Å gå etter ein god sporhund kan vera lærerikt. Sjølvsagt har ein aldri garanti for suksess, men eg ser ikkje bort frå at det av og til kan vera enkelt å vera stand-inn, også.

    Knut: Dari, var ho ein springer og? Sikkert ikkje kjekt å kvitta seg med ein hund ein har hatt lenge. Har ein tid og overskot, så bør ein vel skaffa seg ny kvelp så snøgt som råd er…

  6. Knut Nybø Says:

    Ja eg har hatt 2 springera Dari og bestemor hennar Eila, ho var med
    i NM og det vart ein 3 eller 4 plass.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: