Hjortemøte på Eikum hotell

To trivelege damer. Til venstre naturforvaltar Maria Collett Knagenhjeim som no er attende på kontoret etter permisjon. Til høgre vikaren Inger Moe, ting tyder på at ho også har trivest i jobben. Dei samarbeidde i alle fall fint på møtet.

Den 25. mai klokka 19.30 var eies på hjortemøte på Eikum hotell. Møtet var for Veitastrond, Hafslo/Solvorn, Indre Hafslo og Jostedalen. Dei andre sonene i kommunen skulle møtast på Fjordstova ein annan kveld.

eies kunne ikkje sjå andre frå Jostedalen på møtet. Frammøtet var ikkje overveldande. Truleg bør det i framtida kun arrangerast eitt felles møte for heile kommunen. Kanskje møtet kan gå på omgang rundt om i kommunen – evt avsluttast med ei lita synfaring i 23-tida ut i terrenget dei ulike stadene…. Hjortestamma er ei felleseige, og truleg vill alle få eit anna perspektiv ved å sjå hjorteplagene/hjortegledene frå ulike perspektiv.

Det var gjennomgang av fellingsstatistikkar, “sett hjort” og planar og idear framover.

Å studera kurver, statistikkar og tabellar er nok heilt nødvendig for dei som arbeider i byråkratiet. For jegerar og grunneigarar kan dette bli kjedeleg og til del uoversiktleg informasjon. Denne delen kan kanskje strammast inn noko.

“Sett hjort” er tydelegvis interessante opplysningar for byråkratiet, og dei har nok ei viss tru på tala som kjem fram her. Frå jegerhald kom det ein del høge og halvhøge kommentarar om at utfyllinga av desse skjemai ikkje  var seriøs og til å stola på.

Det kom spørsmål frå salen om kvifor ikkje Luster deltok i vårteljinga på hjort slik som mange andre kommunar i fylket. Svaret var at landbrukskontoret ikkje ville ta initiativ til vårteljing, min viss det lokalt var interesse for det, ville kontoret støtta opp. Så her her var det positive signal frå kommunen. Fleire jegerar hadde meir tiltru til vårteljingar enn til “Sett hjort”. eies tenkjer at teljingar kan vera eit flott supplement til “Sett hjort”. Dessutan kan vårteljingar vera eit sosialt tiltak som er samlings-skapande i dei sårbare distrikta.

Det vert jakt til jul i år og. Men truleg ikkje neste år – men etter at dette tiltaket og størrelsen på hjortestamma vart evaluert. Å avgrensa “julejakta” til berre ungdyr, var ikkje gjennomførbart.

Om to år vert det ny innsamling av tenner for aldersfastsetjing. Dette er eit skikkeleg pionærarbeid av Luster kommune. All ros til Inger, Maria & Co her! Innsamlinga av tenner i 2006 avslørte at gjennomsnittsbukken i Luster ikkje er meir enn 3,5 år!

Litt ros frå damene til jegerane om at dei var vortne litt flinkare til å spara edre/store bukkar. På Indre Hafslo vart det skote prosentvis lite bukk – ros til dei. Veitastrondi og spesielt Jostedal fekk litt “pepar” for høg bukke-avskyting. Til dette vil eies kommentera at dei to sistnemnde stadene er typiske sommarbeite-område for bukkar, medan Indre Hafslo er ei område med svært mykje hjort mot slutten av jakta. Dette var også Landbrukskontoret klar over.

Det var tydeleg at på Veitastrondi var jakta vanskeleg. Hjortane forsvann i stor grad tidleg i starten av jakta. Mykje kan tyda på at storbukkar som er “oppfeita” på Strondi, hamnar i Sogndal/Kaupanger, Indre Hafslo og elles i kommunen. Eit ynskje om tidlegare jaktstart var ynskjeleg, og sjølv om noko slikt ligg litt fram i tid, så vart dette notert av Landbrukskontoret.

Kommunen hadde også fått kritikk for låg fellingsprosent – skal dette føra til færre utdelte løyver…. ?

Til slutt fortalde Olav Hermansen om merkjeprosjektet. Litt uklart, men truleg vert dette avslutta i år. Interesssant å sjå ein del lange vandringar på kartet.

Har eg feiltolka noko eller gløymt noko, håpar eg at nokon vil kommentera det.

Dei to unge damene heldt god kontroll med ein til tider brysk, men interessert mannleg forsamling. Når kjem dei kvinnelege jegerane….?

6 kommentarar to “Hjortemøte på Eikum hotell”

  1. ha Says:

    Det er ein låg fellingsprosent, men som med all anna statistikk så er resultatet avhengig av kva tal som vert brukte. Og det vart litt for dårleg forklart!
    I Luster kommune vart det i 2008 forandra på arealkravet for tildeling av fellingsløyve. Noko som medførde ein auke på ca.300 fellingsløyver ( fra ca.650 til ca. 950). Samstundes så har talet på felte dyr auka frå 422 i 2007 til 473 i 2008 og 460 i 2009.

    I framtida er det kansje betre å fokusere på kor mange dyr som eer skotne og variasjonen der fra år til år enn på kor stor fellingsprosenten er.

    • eies Says:

      Heilt einig med deg, ha!

      Også Christian Hillmann fokuserte på dette dei åra han var naturforvaltar. Med dei mange relativt små valda som er her, vil det vera uheldig for grunneigarane om det vart færre fellingsløyver.

      Me får heller vera flinke til å “backa” opp landbrukskontoret viss dei vert mobba av sentrale viltstyresmakter for låg fellingsprosent.

      (Noko anna er at fleire storvald kanskje hadde ført til at fellingsprosenten vart høgre. Naturforvaltaren ynskjer nok dette, og sa også at med storvald kunne ein likevel behalda lokalt dei “gamle” grensene, men kalla det “jaktfelt”, td. Men samarbeid handlar også om tradisjonar…

  2. ha Says:

    Vårtelling av hjort er sikkert ei fin ting.
    Slik eg har forstått det så vert det brukt som grunnlag for tildeling av fellingsløyver. Dei som driv med det har faste datoar som det skal teljast på kvart år for heile kommunen. Som oftast 2 eller 3 ganger tidleg på våren. I Luster kommune med trekk av dyra ned til sjøen på vinterbeite vil ein då få eit høgt tal der medan ein på Veitastrondi og i Jostedalen vil få eit lågt tal med talde dyr.

    I Lærdal har dei vårteljing, i 2009 ( trur eg det var ) så vart det utført telljing på Frønningen 2 dager etter det som var i resten av kommunen. Noko som førde til at dei dyra ikkje vart medrekna i kor mange dyr som vart talde i Lærdal.

  3. eies Says:

    Du har nok rett når det gjeld Jostedalen og Veitastrondi. Teljingane her måtte truleg vera etter 17. mai.

    Dømet med Lærdal/Frønningen er også truleg rett. Og same “probleme” ville ein td få mellom Høyhemsvik/Leirmo og Jostedalen.

    Det er massevis av “feilkjelder” her: Kor tid kjem “groen”, gylling/gjødsling, gamal eng/nyss tillsådd eng…. Men dette må sjølvsagt hjorteforvaltninga ta inn i konklusjonane sine.

    Hjorteteljing vil eg tru vert interessant først etter at den har vorte driven i 5 – 10 – 15år og meir. Då først ser ein utviklinga i stamma.

    100 000 kr-spørsmålet: Er hjortestamma i Luster veksande, minkande eller stabil? Dette spørsmålet vart stillt på møtet, men alle svar var prega av stor grad av “synsing”. Vårteljing trur eg over tid kan vera med på å redusera “synsinga” bitte lite grann, trur eg.

    • ha Says:

      Vårteljing kan vere med på å unngå synsing. Men korleis skal det gjerast i praksis? Det er ikkje alle stader i kommunen at hjorten er på innmark og beiter! På Hafslo er det ikkje innmark fra Osen og mot Veitastrondi, fra Osen og til Kjos er det kunn innmarka i Oklevik/ Kvamshaugen resten er skog. På nordsida av vatnet er det ikkje innmark mellom Kvam/ Moane og fram til Ugulsviki. Tilsaman så er dette eit stort område som ein ikkje vil få nokon registrering på ei vårteljing.
      Korleis skal ein då fastslå kor stor hjortestammen er. Eg vil påstå at allt anna enn sett hjort skjema som vert brukt i dag er synsing.

      Telljing av hjort må skje på same dagen i heile kommunen. Det vert ikkje rett å telja på Nes/ Høyheimsvik ein dag for så og vente ei veke til ein tel på Leirmo og veka etterpå framme i Jostedalen.
      Det er då veldig stor sjangse for at ein tel same dyret på alle tre stader. Som du kan sjå på Gps-hjortane så har både Luster 123 og Luster 137 brukt omlag 14 dager fra Nes og Eikjastrondi og fram i Jostedalen.

      Skal ein få eit statistisk rett svar på størelsen på hjortestammen ved telljing må det telljast til samme tid kvart år og i heile kommunen samstundes.

  4. eies Says:

    Einig i det meste du skriv!

    No veit eg ikkje i detalj korleis ei teljing bør gjennomførast. Ideelt sett kanskje til same tid over heile kommunen – men er ikkje heilt sikker på det likevel. Viss ein har teljingar på eit konkret avgrensa område i Luster over td ein 10-års periode, så vil ein få ein bra peikepinn på utviklinga av bestanden på denne avgrensa staden. Eg trudde det var meir slik ein må bruka teljings-tala. Og svingar frå år til år vert altfor tilfeldig.

    Forstår at hjorte-forvaltninga har tru på “Sett-hjort”. Men som det også kom fram under møtet: Utfyllinga av skjemai er truleg for tilfeldig og dårleg. Jegerane er vel enno ikkje modne for å ta dette seriøst. Men dette vil vel betra seg etter ein del år, kanskje. På elg skal det visstnok ha fungert bra, lenge.

    Trur at kombinasjonen “Sett-hjort” og (vår)teljingar gir det beste resultatet. Me skal vel heller ikkje gløyma “synsing”, “kvalifisert gjetning” eller “generalisering ut frå ein eller nokre få observasjonar”. Dette er vel dei mest brukte metodane blant jegerar flest i dag.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: