Vårtrekket har starta!

Ein bukk: Luster_Bukk_Gul_137, vart merkt i «Nesamarkji». Han har no trekkt via Engjadalen, kryssa elvi ved Leirmo, og er no på veg oppover Leirdalen. den 4. mai var han ca på høgde med Kleivi.

Ein annan bukk: Luster_Bukk_Gul_123, vart merkt i fjor på Eikjastrondi. I fjor sommar gjekk han fremst i Krundalen, og i vinter har han vore på Eikjastrondi. No er han på veg framover Jostedalen att, og 4. mai var han ved Røneid.

Knut Nybø på Hafslo er flink til å oppdatera desse meldingane.

Sjekk korleis det går med desse og andre merkte hjortar her.

Advertisements

10 kommentarar to “Vårtrekket har starta!”

  1. eies Says:

    Dette blir spennande!

    Bukken som i fjor sommar var i Krundalen og overvintra på Eikjastrondi, har den 6. mai stoppa opp sør for Leirdøla.

    Bukken som vart merkt i Nes-marki, har den 6. mai kome til nord-vest for Humpedøla.

    Blir det i sommar to merkte bukkar i Jostedalen…?

  2. Knut Nybø Says:

    To bukkar + Sogndals kolle 138 som er ved Fondøla den 11-5.
    På Hafslo er det no store mengde hjort, flåkkar på over 50 dyr.

  3. eies Says:

    I følgje kartet, ser det no ut til at den 11. mai var bukken frå Nes-markji i skogen over skytebana på Gjerde. Kor går ferda vidare, snart burde me høyra om folk som har sett hjort med gult halsband… ?

    Bukken frå Eikjo var den 11. mai i Prestegards-markji. Tek denne bukken att same beite som i fjor, i Bergset-dalen… ?

  4. eies Says:

    Har litt problem med å tolka kartet. Dei bukkane + kolla som du skriv om har eg ikkje funne ut av.

    Men uansett ser det ut til at hjortane på Veitastrondi og i Jostedalen har dei DESIDERT lengste trekka. Dette er vel akkurat som me har trudd, men greitt å få det stadfesta med GPS.
    —————————————————————————
    Sogndals_Kolle_138 er av det reisevande slaget. Etter det eg kan sjå, vart ho merkt ved flyplassen 9. mars 2010, og for nokre dagar sidan, den 11. mai var ho altså like nedanfor Fonndøla.

  5. Knut Nybø Says:

    Dei 2 bukkane er 123 og 137 + Sogndals kolla 138.
    Hafslo er ein mellom stasjon for hjorten dei ventar på groen under
    breane, så fordela dei seg mot Jostedal og Veitastrand.

  6. eies Says:

    12.05: Bukken frå Nes er på nordsida av Krundøla, og i høgde med Grov. Bukken frå Eikjo som i fjor var i Bergset-dalen stoppa opp ved Nedrelid/Prestgarden.

    Sogndal_Kolle_Gul_138 kryssa Jostedøla ved Stegegjerdet, og er no ved Navarsete i Engjadalen.

  7. eies Says:

    Luster_Bukk_Gul_137, som vart merkt på Nes, har me ikkje sett noko til no i tre døgn. Er han utanfor dekning, er det problem med teknikken/batteriet eller er det noko anna som har hendt?

    Har nokon sett to bukkar med gult halsband og GPS i Krundalen etter 14. mai?

  8. Knut Nybø Says:

    Krundals bukkane er på plass den 18-5. Den påkkers ulve-hunden
    skremde kolle 138 over til Kilen.
    Sjå lit på Sogdals kolle 130, merka på Dista i januar, ho har eit punkt
    i Fjerlands fjoren den 8-2-2010 eit punkt ned mot Hafslo vatne 9-2-2010.
    tibakke på Dista 9-2-2010, det må vera feil?.

  9. Knut Nybø Says:

    Leikanger kolle 145, merka på Grinde er på veg til Veitastrond.
    Ein stor % av dei merka hjortane trekker mot breen, er det på grunn
    av at hjortebeitte er nedbeita i låglande??.

  10. eies Says:

    Det er vel stort sett berre vinterbeita som vert nedbeita, i ordets egentlege forstand, trudde eg. Trur heller at beita nær breen er ekstra gode og attraktive.

    Men dette kan me sikkert drøfta på Eikum i morgon klokka 19.30, og på Fjordstova 26. mai klokka 19.30.

    Les meir på Luster kommune sine sider

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: