42 Vestlandskommunar registrerer hjort denne våren

– men Luster er ikkje med.

Det kunne Luster ha vore. Luster har eit landbrukskontor med mykje kompetanse. Har vore i kontakt med dei, og etter litt argumentering var dei absolutt ikkje negative. Men for å få til dette, må nok fleire enn eg masa på dei. Les meir her og her.

Dette burde kunne vera til hjelp i hjorteforvaltninga, og uansett hadde det vore eit miljøretta trevselstiltak for jegerar og grunneigarar.

Advertisements

6 kommentarar to “42 Vestlandskommunar registrerer hjort denne våren”

  1. ha Says:

    eies hjorteregistrering er moro det. Men eg trur ikkje det har so mykje føre seg i Luster. Grunen til at eg meiner det har med topografien vår å gjere. Det er mange stader me veit at hjorten går på denne tida men som det er umogleg å få sjå dyr.

    Skal ein registrere hjort så er ein avhengig av dyrka mark som ein kan koma til på ein lett måte med bil. Ein er avhengig av å telje på eit større område på kort tid og at dyra kjem inn på marka slik at ein ser dei.
    Er mange stader i kommunen som ein ikkje kjem til med bil.

    Korleis skal ein eventuelt nytte talmaterialet som kjem inn?

    Eg trur at sjølv om ein har registrering så vil det gje eit feil tal på dyr i området. Kor stor % av dyra vert medrekna. Er det 20 eller 80% som er på innmark og beiter.

    Dei fleste stadane som dei har registrering av hjort er innmarka meir konsentrert enn i vår kommune.

  2. eies Says:

    Jo, det er greitt det.

    Men også andre kommunar har teljing der dei kun ser ein brøkdel av det totale antalet. Litt av poenget er også å sjå endringar over tid. Det vil td vera aktuelt å sjå på eit heilt lokalt jordstykke: Korleis endrar tal hjort seg på denne lokale plassen – over tid.

    «Sett-hjort» gir vel også berre ein brøkdel av bestanden. Og SO mykje skil vel neppe Luster seg ut frå andre kommunar i Sogn.

    Når det gjeld tid, så har det lite føre seg å samanlikna frå eitt år til eit anna. Først i eit større perspektiv: 10 – 20 – 30 år vert dette meiningsfullt og interessant.

    Viltkamera kan kanskje vera ein metode… ?

    Statistikk vert ofte misbrukt – kanskje oftast. Men det er eit anna problem.

    Men det viktigaste som eg ser med dette, er at det ville ha vore eit viktig miljøretta tiltak. Skapa samhald i jaktlaga, og mellom grunneigarar og jegerar. Ser dette som det viktigaste, faktisk.

  3. Knut Nybø Says:

    Rett plassert etter trekkrutta er sikkert viltkamer denn beste metoden.
    Det er lite bevegelse på GPS hjorten. De er muleg at Songdals kolle 138
    er på veg til Jostedal.

  4. eies Says:

    Viltkamera ved ein saltstein burde vera bra no om våren.

  5. Knut Nybø Says:

    Vegane-elvane til Leirdal og Vigdal burde ein finna faste trekvegar som
    ein kan registrera det meste av hjorte trekke til og frå Jostedal, er ikkje
    lokkalkjent berre ein tankke.
    Saltstein burde vera bra for å registrea den lokale hjorten.

  6. Knut Nybø Says:

    Lustra bukk 137 på veg til Jostedal, den 3-5 ved Åsmo.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: