Kva slag spor er dette….?

I dag hadde eg ein liten tur på truger fram til Fåbergstølen.

Frå klokka 17.30 og litt utover tok eg desse bileta i området kring Fåvergstølselvi. Det var sol og spori hadde smelta ein del. Eg tenkte at det kanskje kunne vera spor etter jerv, men eg er langt frå sikker. Det var minst tre parallelle spor, i ulik retning.

Veit nokon om det nyleg har vore stor(e) hund(ar) frami der? På det eine biletet (nr 3… ) kan de samanlikna eine sporet med eit revespor.

På denne tid av året har det ofte vore jerve-spor i dette området. Men i år har eg faktisk ikkje sett eit einaste jerve-spor!

Håpar spor-kompetansen hjå lesarane er stor.

14 kommentarar to “Kva slag spor er dette….?”

  1. eies Says:

    Fekk ei melding om at fjelloppsynet hadde sett på bileta, men at dei var vanskelege å tolka fordi snøen har smelta ein god del. Etter det eg forstod trudde han ikkje det var jerv, men det kunne muligens vera gaupe…

    Personleg vil eg leggja til at det då truleg var meir enn eitt dyr.

  2. fos Says:

    Kanskje gaupa har vore på Oter jakt……

  3. eies Says:

    Eller mårhund-jakt. “Mårhunden kan være bærer av rabies og bl.a. bendelormen Echinococcus multilocularis som kan gi leversvikt hos mennesker.”

    Mårhunden er på full fart inn i Noreg frå Finland, og vil truleg gjera det slutt på all bærplukking og sopplukking om han kjem hit. Litt “skrekkfilm-scenario” for dei som har sansen for slikt. Kalvatreeeeeeeeet………!

    Men trur egentleg gaupa ville føretrekkja villsvin (- nett som ObeliX. Så SB er nok inne på noko…. Utan tvil!)
    …………………………………………………………………………………………………………….

    Når eies tenkte på jerv, var det fordi det var uvanleg sterk sol denne dagen, og han tenkte at sporet etter den femte tåa til jerven kunne vera vekksmelta. Men eies har stor respekt for fjelloppsynet sin kunnskap om sporteikn. Og nyleg vart ei gaupe observert i Krundalen, og i fjor vart fleire lam drepne i skogen rett over der eies bur.

  4. Knut Nybø Says:

    Sikkert ein ung ulv på villsvin jakt, eller hund.

  5. eies Says:

    Ja, hund tenkte eg og på. Men på denne tida er det så godt som ingen som går i dette terrenget. Og hundespor plar vera meir “vimsete” og ikkje så rake som desse.

    Men det kan got vera hund. Men då må det vera minst to hundar. Og dei må ha vore store.

  6. Knut Nybø Says:

    Du meinar det er flire dyr, Jerv og gaupe er vell einstøyngar på denne
    tida. Det er nok eit ulve revir på gang??, eller hund.

  7. alb Says:

    Er flire dyr det same som svenskane kallar lodjur (flire-le)
    lodjur er det som me kallar gaupe.

  8. Knut Nybø Says:

    ALB. Ska tru kva det blir vis ein møsser a og u i gaupe?.

  9. eies Says:

    Poenget mitt var vel ar eg såg tre – kanskje fire spor. To dyr kan ha laga desse. Tur – retur.

    Elles veit eg at eg er for dårleg på å tolka spor. Men eg legg no ut bileta likevel.

    Viss fjelloppsynet seier det KANSKJE er gaupe, så kan det vel då vera eit par som er litt “seint ute” med paringssesongen, eller….

  10. Knut Nybø Says:

    (Bra tema). Du kan nok meir om biologi og spor etter jerv og gaupe
    en eg gjer, eg meinar at paringskrike til gaupa var å høyra i februar
    og mars. Jerven er ein luring som vaneleg, det er vanskeleg å fastsetja
    paringstid på grunn innplatasjotiden. Eg har granska labane på ny skoten
    jerv det er nokre utrulg store trugar, eg meinar at spora på bileta er for jupe. Famelie gruppe av gaupe går vel samen endå så fjelloppsyne har
    vel rett.

  11. eies Says:

    Det må vera den pokkers bikkja te bruheimen!

    Ikkje fordi eg har noko større tru på det, men det er so moro å seia det: den pokkers bikkja te bruheimen – den pokkers bikkja te bruheimen – den pokkers bikkja te bruheimen …….

    To eller tre alliterasjonar. (Elles tykkjer eg denne hunden er ein flott hund. Når han kjem forbi ungdomstida – som for hundar varer eitt til to år – blir det eit prakteksemplar. Garantert. Og denne “bruheimen” er min favorittkommentator her på bloggen. Prakteksemplar, han og!)
    ……………………………………………………………………………………..
    Til Knut: Eg prøver å fotografera spor, men det er ikkje enkelt. Uansett ser det ut til at det er mindre jerv no enn for nokre år sidan. Så uttaket med helikopter har nok fungert bra.

    Flott at dei med meir erfaring enn eg tek seg tid til å vurdera bileta!

    Men paringssesongen for gaupe er nok slutt.

  12. Knut Nybø Says:

    eies: Den pokkers bruheims bikkja var kansje i nerheiten når du tok
    bileta?, huks på loven til Magnus Lakabøttar.
    Du bør ikkje vera bekjymra for jerven , spori til jerven vil nok visa seg
    igjen på Fåbergstølen. Eg er mair bekjymra for forvaltningen, 15 uttak
    av jerv i Indresogn på 1 år seier vell ganske mykje om bestand og
    fovaltning i rovdyr sone 1.
    God søndag.

  13. alb Says:

    Ein liten kommentar til antall felte jerv. Det er sidan 2001 utteke 45 jerv i kommunane Lærdal, Årdal og Luster. Av desse er det utteke 12 kvelpar(6 hi). Det vart i 2009 utteke 7 vaksne dyr og 4 kvelpar (2 hi). I 2010 er det utteke 5 vaksne dyr + 1 dyr i Rogaland som også høyrer til vår region.
    Legg ein til at det er utteke 20-25 dyr sør for Ottadalen, som høyrer til området “våre” jerv held til i, so vert antallet veldig høgt.
    Forvaltninga har fram til det siste året heldt fast på at her er berre enkelte streifdyr. So feil kan dei ta.

  14. eies Says:

    5. mai: Frå sikre kjelder: “Ca 1 døgn gamle jervespor frå Holmevatnet og austover i dag.”

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: