Kva dyr har laga desse spora…?

I dag hadde eg meg ein skitur. Då eg nett hadde passert brua over Storelvi ved Fåbergstølen, hadde dette sporet kryssa vegen.

Eg prøver å skildra det eg såg, men lit ikkje altfor mykje på det eg skriv – det er fort gjort å tolka sporteikn feil: Først såg det ut som at nokon hadde drege noko over snøen. Midt etter dette sporet var det nærmast ein tunn bølgete eller buktande “strek”. På kvar side av denne streken var det relativt små spor. Såg ikkje så nøye på dei, men i størrelse var poteavtrykket om lag som etter ein mår. Eg er ikkje sikker, men trur eg veit svaret.

Kva var dette, gode lesarar?

8 kommentarar to “Kva dyr har laga desse spora…?”

  1. eies Says:

    Var visst vanskeleg. Ser at mange er inne på sida. Det er berre til å hoppa uti det….

    Skal prøva å ta fleire bilde viss sporet er der framleis. Meiner det fortsette akkurat på same måten.

  2. Knut Nybø Says:

    OTTER ?

  3. SB Says:

    Eg trur at det kan ha vore eit villsvin, i tilfelle det fyrste som er registrert i området her. Villsvin er no på full fart inn i norsk fauna, dei er vel leie av EU-landet Sverige og vil leve eit fritt liv i det uavhengige Noreg.

  4. Knut Nybø Says:

    Det kjem mykje bra frå Jostedal men villsvin på potar, den er vell
    lit for dryg.

  5. eies Says:

    SB: Du argumenterer som vanleg godt. Men som han Knut er inne på: Det er ein logisk brest i argumentasjonen din.

    Knut Nybø: På vegner av Jostedalen takkar eg for dei gode ordi dine! At SB rotar med “klauver” og “poter” får me prøva å bera over med. Eg var redd han kom til å seia “bjørn”, eg.

    ALVORSPRAT: Spori trur eg, som også Knut skriv, må koma frå ein OTER. Fasiten får me neppe, for den er i den andre enden av sporet. Og å spora ein oter i vatn, går neppe.

    Den bølgete stripa i midten, kjem truleg frå halen (Ikkje stå-pi….en som ein kar føeslo til meg). Fotavtrykka er truleg frå baktøtene.

    Men kva er “snøplogen” som har brøytt opp det breie sporet… ?

    Me veit at oteren lagar “sklier”, minken og. Men då er det vel utan fotavtrykk. Har han “brøyta” med bringa/brystet og magen, eller har han hatt ein fiskapose/ein aure i kjeften…. ?

    Kom med forslag!

    Men konkurransen vart altså vunnen av KNUT NYBØ! Premien er skrøpeleg: HEIDER OG ÆRE!

  6. eies Says:

    Uansett: Kurva for antal visningar går rett oppover!!!

  7. SB Says:

    Å fa.., ja, dette ville svinet har vel ikkje akkurat poter på føtene. Men, dette betyr vel at eg kom på ein heiderleg 2. plass då? Det er eg godt nøgde med.

  8. eies Says:

    Det er vel å strekkja det litt langt med ein 2. plass. Men eg tykkjer du fortener Villreinbloggen sin heiderspremie for god argumentering kring dei to nabolanda EU-landet Sverige og det uavhengige Noreg.

    HEIDER OG ÆRE til SB! Det skal ein ikkje kimse av.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: