Vinterforing av hjort

Torsdag 8.april 2010 stod dette lesarinnlegget i Sogn Avis. Somme tykkjer kanskje at temaet ikkje er så aktuelt no om våren, no når det spirer og gror i skog og mark. Så kor stor debatt lysta er, veit eg ikkje. Men hjorten er det viktigaste viltet me har, så korleis han vert forvalta er alltid viktig.

Vinterfôring av hjort

Eit svar til kronikken i Sogn Avis tysdag 23. mars 2010 

Hegland, Solheim og Aarhus frå Norsk Hjortesenter og Røyrvik frå Sogn og Fjordane Skogeigarlag hadde ein kronikk i avisa forrige veka. At desse veit mykje om hjorten og levemåten hans, tvilar eg ikkje på. Høge stillingar og fine titlar er absolutt ingen garanti for ekte kunnskap og innsikt, men ei lita orientering om den formelle kompetansen til dei som skriv under kronikken hadde likevel vore på sin plass, sidan dei, etter det eg forstår, ynskjer å korrigera ein debatt som pågår. Dei innleier med å konstatera at mange har sterke meiningar, og at somme tydelegvis ikkje har så mykje kunnskap om emnet. Eit greitt utgangspunkt. Kunnskap og folkeopplysning er som regel av det gode. 

Dei skriv at det har vore mange medieoppslag i vinter, men det kan neppe ha vore i Sogn Avis…? På nettet har eg derimot sett eit par debattar. Dette gjeld ”kammeret.no”, ”veidemannslosjen.origo.no”, og ”jaktog fiske.origo.no”. Det finst kanskje meir, men dette er alt eg har funne. Difor hadde det vore greitt å få vita konkret kva debattforum eller media dei siktar til.

Vidare slær dei fast at i vinter har det vore ein relativt hard vinter. For dei områda eg kjenner til, er dette direkte motsett. Snakka nyleg med ein oppsynsmann som sa at i vinter har både rein og hjort hatt lett for å finna mat. Den vesle snøen me har hatt har vore laus, og det har vore enkelt for hjorten til å sparka og grava seg ned til lyng og andre beiteplanter. 

Kanskje dei meiner det har vore altfor kaldt for hjorten… ? Tja, om hjortane i periodar opplever kuldegrader både med eitt eller to siffer, så har dei ein pels som isolerer svært godt, sjølv om reinen sin pels sjølvsagt er betre. Derimot, viss temperaturen stadig varierer kring frysepynktet, med stadig veksling mellom pluss- og minus-grader, og med regn og vind i tillegg, då er nok dette mykje verre for kuldetapet, viss det er det dei tenkjer på. 

At det i andre deler av Vestlandet kan ha vore meir snø enn ”normalt” kan kanskje vera rett. Eg vil då minna om det dei etter gamalt sa uti Fjærlands-fjorden. ”Bukkane greier seg godt så lenge dei ikkje får snø på pungen!” Mi tolking: Så lenge snøen ikkje er så djup at hjortane trør nedi slik at buken/pungen tek nedi snøen, går det bra. 

Når snøen pakkar seg saman, har eg her eg bur sett hjortar som taklar over to meter snødjupne utan vanskar. Då når dyra også høgre opp på raun og alm og andre beitetre slik at dei finn nye, friske kvistar, bork og greiner. Om våren har eg knapt sett sidebeina på desse hjortane, medan dei som kjem oppover frå opphaldstadene langs fjorden, og foringsplassane, kan vera i nokså dårleg hald. 

Som kronikken også peikar på: ”Hjorten reduserer nemleg forbrenninga si om vinteren slik at den klarer seg med eit relativt lågt energiinntak.” Dyra er frå naturen si side konstruert slik at dei ikkje skal fordøya næringsrikt for om vinteren. Silofor kan vera relativt energirikt, og endå verre: Har til og med sett automatar for pelletert kraftfor som skal plasserast på foringsplassane… ! 

Forsking og studiar kan vera så mykje. Nokre av oss brukar tid på å studera levemåten til dyra om vinteren. Men det me ser og observerer kjem nok aldri i ein rapport eller ei avhandling. Og like bra er det. På den andre sida saknar eg i kronikken tilvisingar eller linkar til studiar og forskingsrapportar. 

”Vinterforing” vert av enkelte kalla ”støtteforing”, og eg har til og med lese at i distriktet vårt er det nokon som i alle fall inntil nyleg dreiv med ”aktiv viltpleie”. Kva dette siste inneber, veit eg ikkje, men tippar at föring er eitt av elementa. Det er freistande å spørja om dei andre grunneigarane her omkring då driv med ”passiv viltpleie”, men for å unngå ei usakleg avsporing, skal eg lata vera det. 

Trass i mykje god argumentering i kronikken: Eg har store vanskar med å lausriva ”fôring av hjort” frå næringsvegen ”jaktutleige”. Men sidan heller ikkje dette er nemnt i kronokken, skal eg ikkje kommentera det meir, denne gongen. Men vil også minna om at tilgang til jakt til ein overkommeleg pris truleg er undervurdert som trivselsfaktor, som noko som gjer at folk framleis vel å bu i grendene – ja, i somme tilfelle er jakt-mulegheiter ein medverkande årsak til at nye familiar buset seg i distrikta. Det tel med, det og, trass i ”Money talks…” 

Det står i det heile mykje bra i denne kronikken, ein del av det skal eg gjerne skriva under på. Og det er bra at slike tema vert drøfta. 

Hovudinnvendinga mi er likevel at konklusjonen i kronikken kviler på det eg meiner er sviktande grunnlag, og at han motseier det som har vore skrive lenger oppe. 

Når det i kronikken står: ”Undersøkingar syner at fôring ofte har relativt liten effekt på storleik, reproduksjon og overleving av hjort”, så tolkar eg det som direkte motsett av konklusjonen deira: ”- men korrekt utført har det [foring] potensial til å auka overleving og kondisjon til hjorten”. 

Eg forstår at kronikken ikkje vil ta stilling til om ein skal fora eller ikkje. Men konklusjonane som vert presenterte må likevel vera så tydelege at det ikkje er råd å misforstå kva dei meiner. 

Einar Ese

Advertisements

2 kommentarar to “Vinterforing av hjort”

  1. SB Says:

    Eit godt skrive innlegg med fornuftige argument og fin flyt i skrivestilen. Eies, det var sakprosaforfattar du skulle vore eller bloggar, men det er du no alt.

  2. eies Says:

    Takk, takk! Og du skulle vore mentor.

    Kronikken kan folk finna ved å logga seg på og betala på Sogn Avis si nettside.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: