Utstoppa hjort

eies har prøvd seg som amatør-taxidermist. Hjorten er ikkje heilt turr enno, difor “juletrepynten” i øyro.  Kroppen kjøpte han ferdig frå http://www.bioprep.no/ . Når det gjeld framgangsmåten, har han brukt ei 50 år gamal bok: Henning Scheel: Udstopning af fugle og pattedyr Boka er vanskeleg å få tak i , han har lånt ho på FØRDE BIBLIOTEK. Prepareringsveska består av noko så vanleg som salt + maursyra. Det finst sikkert meir giftige og fancy stoff, men dette har i alle fall fungert tidlegare. Blandingsforholdet står i boka.

Geviret på denne hjorten er ikkje stort, men uvanleg  jamnt og velforma. Det var to bukkar i lag, og eies skaut den minste. Den største var nok ein god del større. Men i hjorteforvaltninga vert det ofte peika på kor viktig det er å ikkje skyta alle dei største bukkane. Han må tilstå at han er litt stolt over at han let den største gå. Gevirkonkurransar og skryt er eigentleg ein uting. Men ein so fin bukk med eit så flott gevir, får eies neppe skyta oftare.

Tek nok ikkje på meg utstopping av dyr, men viss nokon vil prøva sjølve, skal eies gjerne halda eit lite “kurs”. Sjå elles desse to revane  som to elevar stoppa ut på ungdomsskulen for eit par år sidan.

2 kommentarar to “Utstoppa hjort”

  1. fos Says:

    Skal han ha kleklyper i øyro?

    Detta såg flott ut, du er flinke.

  2. eies Says:

    Han skal ha kleklyper til han er turr bak øyro. Dei er for å haldafasongen på øyro slik at han ikkje ser ut som ein spaniel.

    Det er nok mange feil samanlikna med ein profesjonell taxidermist. Men eg er fornøgd. Flink er eg neppe, men sta og egen, kanskje…

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: