Kennel Jostedalen: Hunden vår Io, er no para!

Biletet over viser Io + Mille og avkommet deira forrige gang. Mor og far ser litt slitne ut. Det var dei og.

NVCH Astrosprings Io er no para med NVCH SVCH Sisustars Compromise (- til dagleg “Mille”). Dette blir forhåpentlegvis det andre kullet dei har i lag. Kombinasjonen er gjort mellom anna med tanke på eit godt gemytt, og gode brukseigenskapar. Med det tenkjer me på god, naturleg kontaktvilje, gode sporingseigenskapar, god jaktlyst og søkslyst. Begge foreldra er i bruk som ettersøkshundar.

I det første kullet fekk Io og Mille fire kvelpar. Desse er no i Lærdal, Vik i Sogn, Bergen og Ålgård ved Stavanger. Så det bør vera muleg å finna ut litt om korleis kvelpane vil bli. Men kvelpekjøparen er likevel, utan tvil, den som i størst grad avgjer korleis hunden vil bli som vaksen!

Eventuelle kvelper vert leveringsklare i slutten av juli månad.

Ta gjerne kontakt med Kennel Jostedalen på mobil: 48214365 – eller: 57691167 – eller epost: einar-es(alfakrøll)online.no

2 kommentarar to “Kennel Jostedalen: Hunden vår Io, er no para!”

  1. Filologen Says:

    Skal det vere komma etter “vår”?

  2. eies Says:

    Ja, eller kolon. Å ikkje bruka komma i overskrifta ville også fungera. Eg har truleg ein tendens til å bruka mykje komma, litt som dei gjer i Danmark.

    Elles er det flott at folk er opptekne av den formelle sida ved rettskriving. I ein blogg vert det nok ofte litt tifeldig. Det viktigaste er at meininga/bodskapen kjem klårt og tydeleg fram.

    Er du ein potensiell kvelpekjøpar…?

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: