Jostedøler og folkemusikk

Før eg trefte ho Oddbjørg, hadde ryktet om Jostedalen som ein stad der felespel og dans hadde eit høgt nivå, nådd ut til meg. Hugsar spesielt namnet “Sjur Hesjevoll” og at det vart sagt at jostedølene var blant dei fåe som kunne dansa skikkeleg “hamborgar”. Seinare vart eg kjend med fleire dansarar, ma. på kappleikar, og ikkje minst Anders Bjørk, den aldrande stordansaren som sette saman Jostedalsspringaren slik han vert brukt i dag. Ikkje minst var eg imponert over måten han sjonglerte gebisset i munnen. Det var som ein annan Balestrending sa det:”Han snakka like mykje over som under gebisset.”

Seinare var eg so heldig å få spela med flinke og dyktige musikarar, ma. på trekkspel. Men ingen felespelarar har i seinare nådd opp i nærleiken av Sjur sitt nivå, sjølvsagt med unntak av Håkon Høgemo som me gjerne likar å titulera som minst halvt jostedøl.

Korleis står det so til med folkemusikken i Jostedalen i dag?

I etter kvart ein lengre periode har me hatt fleire utgåver av “felejenter”. Dei har vore framifrå representantar for Jostedalen, og det forstår eg godt. Som eg har sagt det før: Eg er glad i både jenter og felespel, og viss ein kombinerer det, so blir det dobbelt opp av det gode. Etter at han Magne Hesjevoll tok sine første forsiktige tak på fela, so har det vel ikkje har vore ein einaste gut som har begynt å spela fele her i dalen. Men for all del: Det viktigaste er at det vert spela. Kjønn, alder, hudfarge, geografisk tilknyting, etnisitet eller legning betyr ingen ting, etter mi meining.

Opplæring av nye fele-jenter har vore i gode hender dei siste åra. Og ikkje minst: Folk i dalen har sett pris på desse sjarmerande jentene, anten dei har opptrådd på heimebane, eller dei har vore ute i verdi på større oppdrag. At miljøet støttar opp om om dei unge, er viktig, og her har jostedølene vore flinke.

Ikkje alle som startar som “felejente” skal eller bør bli ein individuell soloutøvar på høgare nivå. Skal ein nå opp i “kappleiksnivå” på hardingfele, treng dei fleste timar med dagleg øving og trening. Det er ikkje like enkelt å kombinera det med lekser, dansing, venner, skitrekk, fotballtrening, handballtrening, idrettssenteret, korps, kjærestar, data-surfing, chatting, fjernsyns-sjåing og alt det andre som er “heilt nødvendig” for ein ungdom. Nøkkelen er prioritering, og at noko må prioriterast opp, og at noko anna diverre/heldigvis må veljast bort. Dei fleste tykkjer dette er vanskeleg og prøver å “surfa” seg gjennom, i håp om å få med seg litt av det meste, men då må det nødvendigvis bli noko overfladisk. Men for mange er dette likevel det rette. Alle er like viktige, me treng ikkje kun eliteutøvarar, me treng breidden og eit miljø også. Slik er det i idrett, og slik er det i felespel.

Likevel, skal den vesle fjellbygda vår som me er så glade i, framleis bli sett på som ei “folkemusikkens høgborg”, då er det ikkje nok at Jostedal Spelemannslag framleis er blant dei beste i gamaldans lagspel. For det har dei vore, og det er dei. Når Spelemannslaget spelar opp til dans, har dei etter mitt syn ein takt og ein rytme og eit driv i spelet som er inspirerande og heilt særmerkt. Slik er det, og slik har det også vore tidlegare.

Nokre av utøvarane bør også ta steget “vidare” og arbeida seriøst med dei edste slåttane me har, og som er eldre enn gamaldansen. Eg tenkjer då på springar, rull, halling, gangar og nokre lydarslåttar.Det kan ein til ein viss grad seia har vore gjort, men likevel langtfrå nok. “Lystig og kåt” og “Springar frå Sunnfjord” er er kjempegode slåttar, ingen tvil om det. Men viss det same snevre slåtterepertoiret skal spelast om att og om att, då kan ein risikera etter kvart å verta ein parodi på seg sjølv.

Dette har ikkje med båssetjing av musikken og gradering og rangering av instrument eller slåtteformer. Ein dyktig musikar er ein fryd å høyra på, same kva instrument han nyttar. Og å spela verkeleg god gamaldans er ein stor kunst. Og eg tek opp att: Gamaldansen er godt ivareteken, her i dalen. Og det skal me vera stolte av.

Å rangera musikk og musikarar, er bortimot umogeleg. Likevel vil eg hevda at det i dag ikkje finst spelemenn på hardingfele som spelar betre enn Håkon Høgemo. Etter at eg i nokre år nærmast hadde lagt fela “på hylla”, så var det ei stor glede for meg då Jostedal Spel- og Dansar lag tok til å arrangera dei faste, årlege “januar-kursa” med han. Eg har ved fleire høve, også på årsmøta, gitt ros og honnør til styret for dette. Etter at eg flytta hit, har dette vore det største som har skjedd for oss felespelarar.

Samtidig har eg også ved ulike anledningar etterlyst øvingar i laget mellom desse januar-samlingane med Håkon. Dette har eg tenkt og grubla på mykje. Kanskje har eg ikkje tenkt godt nok, for lite eller ingenting har kome ut av grubleria mine. Nokre gonger har eg teke dette opp på årsmøtet i Jostedal Spel- og Dansarlag. Eg såg i alle fall i protokollen at eg i 2005 etterlyste det som, kanskje litt feilaktig, vert kalla øvingar i “slåttespel” på hardingfele. Dei tre siste åra har eg også teke dette opp.

Og rett skal vera rett: Både i 2008 og 2009 vart det på årsmøtet sett ned ei gruppe som skulle arbeida med dette: Underskrivne + to damer, ei kvart av åra. Det kom nok ein del bra ut av dette arbeidet, men det vart likevel ikkje faste øvingar i spel på dei eldste slåttane.

Å fordela skuld har liten hensikt. I tilfelle lyt me alle ta vår del, og eg må sjølvsagt ta min del. Det det gjeld om, er at dei eldste slåttane våre: Springar, rull, halling, gangar, lydarslåttar… ikkje vert “gløymde” opp i alle dei andre aktivitetane eit spelemannslag kan driva med. Gamaldans er kjempebra, sameleis rekruttering og arbeid med dei yngste, og ikkje minst dansen som har vore arbeidd seiøst med – særleg siste året. Syngjing/kveding kan bli ein ny folke-aktivitet og kanskje eldre folkemusikkinstrument (sjølv om ein el-gitar etter mitt syn er like god…).

Hittil i 2010 har det slik sett vore julafta og 17. mai på same tid for min del: Oda Heidi B. har no teke på seg å vera instruktør, og me har hatt øvingar annakvar veke i Gaupne på “Gamle Yrkesskulen”. Purristar reagerer kanskje på at øvingane er i Gaupne og ikkje “frami her”. Av praktiske grunnar har det vore heilt nødvendig. Og med tid og stunder kan det kanskje dukka opp utøvarar frå Sogndal eller andre stader. Miljøet vårt er lite og søårbart, og eg ynskjer Sogndøler og andre hjarteleg velkomne.

Dei andre på øvingane har vore Ida Kristin S., Kine S., Mathilde S., Else Marie H., Ann Kristin S. og Einar E. Øvingane har vore nyttige og kjekke. Me har hatt kaffipause og kaker, og no har me snart repetert alle slåttane me lærde av Håkon i år + “Traskjen” Slik må det jobbast, og eg håpar at desse øvingane held fram. Eg skal I alle fall seriøst prøva å hugsa på å ta dette med i kveldsbøni mi.

Så får buapraten og praten over kaffikoppane dømma om det var rett å ta dette opp på årsmøtet, og om det vart gjort på rette måten.

Ei tilbakemelding to “Jostedøler og folkemusikk”

  1. Ida Kristine Says:

    Skrive de her eg Einar😉

    Heimeside: http://www.home.no/idasageroy

    Blogg: idasageroy.blogg.no

    Finne du de no?

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: