Kva slags fuglar i Myten?

Når eg dei siste dagane har køyrt forbi Myten – litt i retning mot Vigdalen, har eg fleire gonger sett ein flokk på kanskje eit par hundre fuglar i vegen. Litt rart at dei har halde seg her, er dei på mat-leiting, tru?  Dei har hatt ein vakker gul-grøn farge, men å bestemma fugleartar er ei av dei mange svake sidene til eies.

I dag låg det derimot om lag 30 daude fuglar i vegbana, medan resten av flokken såg ut til å vera i fin form.

 Spørsmåla som melder seg er:

1. Kva slag fuglar er dette?

2. Kva kan ha ført til at so mange fuglar brått døydde?

16 kommentarar to “Kva slags fuglar i Myten?”

  1. son Says:

    Det er sansynleg at det er grønsisik. Den er liten og held seg helst i flokk. Dei fleste stikk i sept/okt til mellomeuropa, men ein del overvintrar. Kan finnast heilt opp til finnmark. Det hadde vore artigt og veta kva som har skjedd med desse.

  2. eies Says:

    Grønsisik høyrest ikkje urimeleg ut.

    Kvar gong eg har møtt flokken her, så har dei kome unna “i siste liten.” So dei har levd eit farleg liv. Tippar at det har kome ein bil som har brasa inn i deler av flokken – utan at dei har kome seg unna. Men dette var vel ein litt “kjedeleg” forklaring…

  3. alb Says:

    Det er nok den mest sansynlege. I går var flokken observert i svingen frammafor brui til Ormberg. Dei flytta seg ikkje so bilar måtte køyre rundt dei.

  4. fos Says:

    Eg veit med sikkerheit att dei vart påkøyrde i går. Syndaren meinte dei hadde køyrt på minst 50 fuglar.

  5. Kine Says:

    Sånn er det når folka rundt om her køyrer så fort….

  6. eies Says:

    Men eg trur ikkje folk kan noko for det, for eg heldt på å køyra på dei eg og. Dei var svært tamme. Og nesten ikkje redd bilar.

  7. eies Says:

    “Den enes død, den annens brød” I dag var dei daude fuglane fjerna. Truleg har kråker eller skjorer ete dei opp. Snadder. Alle dyr treng mat.

  8. sjf Says:

    er vel teikn på at eies køyrer for fort og…

  9. eies Says:

    Ja, det kan du seia. Men oftast blir eg forbikøyrd av andre bilar til og frå arbeid. Men generelt kan eg vera einig i at dei fleste av oss køyrer for fort.

  10. alb Says:

    Kor fort er for fort?

  11. eies Says:

    So lenge me held oss til lover og reglar for bilkøyring, so meiner vel dei fleste det er ok. Likevel kan me vel koma til å skada oss sjølve og andre. Ein lomhund, eit pinnsvin, ein fugl – eller i verste fall folk kan koma til skade. Å kunna stoppa på ein tredjedel av den oversiktlege veglengda gjeld vel framleis.

    Elles er dette relativt, og det kjem an på auga som ser.

    Men artig at sjf og alb dreg opp denne diskusjonen.

  12. son Says:

    Ny fugladott opservert ved Fossøytunellen. Noki greidde å flytta seg medan andre vart liggande. Men kva i alle dagar er det med Jostedalen som får so mange til å komme her for å gjere kollektivt sjølvmord…..

  13. eies Says:

    Ny vinkling på fugle-/bilkøyrings-debatten. Kjempebra, son!

  14. OVE Says:

    Dei har nok stroke med av fugleinfluensa!

  15. eies Says:

    Det er viktig å tenkja kreativt. Både kollektivt sjølvmord og fugleinfluensa er kreative og spenstige forslag. Likevel føler eg at dette er blindspor…

  16. Fugledød i Sverige, fugledød i Arkansas – men Myten i Jostedalen var først ute! « Breheimen-Luster Villrein Blog Says:

    […] Les om fugledøden i Myten.  […]

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: