Årsmøte i Jostedal Spel- og Dansarlag – med familiefeide…?

 

Dette biletet er ikkje frå årsmøtet, men frå Vestlandskappleiken i haust. Om alle i styret er med, kan ikkje garanterast, heller ikkje om nokon på biletet ikkje er med i styret.

I kveld var det årsmøte på Jostedal Hotell. Styret hausta mange velfortente lovord. Blant det som var nemnt var Vestlandskappleiken og platesleppet med Sjur Hesjevoll-CD-en. Det har også vore forska på kjeldene til Jostedalsspringaren, i samarbeid med RFF- Dragvoll. Dei unge har eit godt tilbod i felespel og gjennom “Rupungane”. Kanskje ein kunne ha ynskt at fleire foreldre hadde møtt opp, men 15 frammøtte er ikkje so verst på eit årsmøte.

Somme meinte nok at eies gjorde ein dårleg figur då han i denne “settingen” tok opp den einaste hjartesaka si i spelemanns-samanheng: Han sa at han i mange år hadde vore “djupt fortvila og vonbroten” over at det har vore uråd å få i gang hardingfele-øvingar i slåttespel på springar/halling/gangar. Somme ser nok på Jostedalen som ei slags “Folkemusikkens høgborg”. I den samanhengen har eies tykt det har vore direkte pinleg at her ikkje har vore faste øvingar på desse aller eldste slåttane våre. Heldigvis har gamaldans-spelet hatt eit mykje betre tilvere. Men i eit spelemannslag må dei eldste slåttane vera heilt sentrale, etter eies si meining.

Ein del pepar måtte nok eies tola for dette. Og sjølvsagt kan det henda at eies burde ha formulert seg annleis. På den andre sida kan det henda at styret var nærtakande og tolka dette annleis enn det var meint. eies skal ikkje ha vanskar med “å leggja seg flat” eller “krypa til korset” i denne samanhengen. Poenget til eies er å gi solospel og lagspel på hardingfele den plassen det bør ha i eit spelemannslag, når det gjeld dei eldste slåttane.

At styret skal køyra rundt på gardane og henta spelemenn til øvingane har sjølvsagt aldri vore eies si meining. Kva som skal motivera “sløve” spelemenn til å stilla på øving anar han ikkje. Etter å ha vore frustrert og fortvila i fleire år over manglande øvingar, særleg med bakgrunn i dei fantastiske årlege samlingane med Håkon H., har eies dei 3 siste åra teke dette opp på årsmøtet. Og like optimistisk som eies har vore etter årsmøta med lovnad om folk som vil hjelpa til, like skuffa har han vore for at alt har runne ut i sanden. Med forbehold, so trur eies at ingen i styret har forstått denne fortvilinga og skuffelsen – utan at styret skal tru at det er deira feil. Sjølvsagt.

Men no har det ordna seg !

Oda H. har teke på seg å vera instruktør, og me har hatt øvingar annakvar veke, etter nyttår, i Gaupne. Måtte berre denne ordninga vara!

Det vart eit generelt ordskifte om korleis ein skal unngå å brenna seg ut som instruktør. I denne samanhengen vart eies titulert både med “førenamn og etternamn” i same slengen – noko som eies tolkar som at her var det irritasjon ute og gjekk…

Men eies meinte verken å provosera eller irritera. Han lufta berre frustrasjonane sine, og det var faktisk heilt grunnleggjande ting han tok opp – om aktivitetane i laget.  Om somme meinte at dette kunne han ha spart seg, so må dei sjølvsagt meina det.  Agendaen til eies er ein auka aktivitet i lagspel og solospel på hardingfele – når det gjeld dei eldste slåttane.

No har me fått to heilt unge damer inn i laget. Dei er absolutt ingen sinker, og me “etablerte” må nok etter kvart skjerpa oss –  det har me godt av! Litt morsomt at det heiter spele-manns-lag, forresten. Med unntak av eies, er det vel kun jenter med…

Skal me vera litt litterære/poetiske, so heiter det vel noko slikt som at: “Ja visst gör det ont när knoppar brister” og “Det skal gjera vondt før det blir betre”. Når me får dette på litt avstand, so trur eg dei fleste vil forstå dette og kvifor eies kom med desse “sure oppstøyta” sine, for:

“Nu går alt så meget bedre!”

(For ordens skuld: Det som står her er kun eit uttrykk for bloggeigar sine meiningar.)

 

 

3 kommentarar to “Årsmøte i Jostedal Spel- og Dansarlag – med familiefeide…?”

  1. eies Says:

    Viss nokon, mot formodning, vil lesa meir om kva eies meiner, så gå inn her:

    https://eies.wordpress.com/2008/11/26/nokre-tankar-om-stoda-for-folkemusikken-i-jostedalen/#comments

    Det er faktisk 40 kommentarar her. I nokre av kommentarane har eies vore så “feig” å gi seg ut for ein annan enn den han verkeleg er.

    Somme vart sinte på eies for dette. På årsmøtet vart somme sinte for andre ting. Er sinte folk positivt eller negativt?

  2. Kine Says:

    Eg trur at spelemannslaget blir supergode no når me har fått faste øvingar!🙂

  3. eies Says:

    Det trur eg og. Ikkje minst sidan to flotte ungjenter frå Myklemyr er med! Kjekt for meg gamlingen å ha nokre unge å erta på…

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: