Jostedalsspringaren, ein springar frå Jostedalen

Etter at nokre folkemusikk- og folkedans-interesserte jostedøler tidlegare var til RFF-senteret på Dragvoll, kom Siri Meland, amanuensis i folkedans, 3. og 4. februar  til Jostedalen.

Samlinga var på Jostedal Hotell der me studerte og fordjupa oss i gamle filmopptak av spring-dansarar frå Jostedalen. Heilt sentralt var opptak av Anders K. Bjørk, mannen som sette saman Jostedalsspringaren i den forma som finst i dag. Måten Olina Hesjevoll og Anna Fuglesteg dansa, vart også studert nøye. Me såg og på den “kjende” filmen frå Fjellheim med kommentarar opplesne av Kåre Øvregard. I tillegg finst det svært interessante filmopptak av Andreas Bjørk som også dansa springar, men desse fekk me diverre ikkje tid til å fordjupa oss i denne gongen. Rff-senteret har også interessante lydbandopptak med intervju av Andreas Bjørk og Anders K. Bjørk. Viss nokon vil lytta til desse opptaka, kan dei ta kontakt med Oddbjørg E.

Dei som deltok på kurset var forutan Siri M.: Lidvin H., Laila G., Johannes K., Harald H., Eldbjørg H., Morten V., Oddbjørg E., Mari O., Arne Aa. (Mari og Arne var med på  ein del av samlinga), Tormod Ø. og Einar E. Mykje av arbeidet bestod i å studera og analysera fimopptaka. Det viste seg ofte etter å ha arbeidt med ein filmsekvens, så “såg” deltakarane noko anna enn dei “trudde dei såg” – første gongen dei såg filmen.

Takk til Siri Meland og alle som var med på seminaret/samlinga.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: