Har 100 villrein rømt frå Vest-Jotunheimen til Skjåk-Sør, og var nokre av desse reinane i Styggevass-området i sommar?

 

Nyheitsartikkel frå Sogn Avis + to reinar som eies fotograferte attmed Styggevatnet i sommar

Det er vanskeleg å seia noko heilt sikkert om denne saka, men etter kvart så er det svært mykje som tyder på at ein større reinsflokk rømde frå Vest-Jotunheimen, og at desse reinane no er i Sør-Skjåk, ved grensa mot Luster/Jostedalen.

«Den enes død, hin annens brød», sa far min. Det er nok liten tvil at denne auken i Sør-Skjåk-stamma har ført til at nokre reinar i sommar har trekt over til Luster/Jostedalen.

Indisiar på at det er slik:

  • Fjelloppsynet i Luster seier at reinane frå Vest-Jotunheimen har ein karakteristisk mørk-brun farge
  • Dette stadfestar sekretæren i Ottadalen villreinområde, og dei har også sett slik rein ved flyteljingar
  • Reinstamma i Vest-Jotunheimen minka kraftig, medan reinstamma i Sør-Skjåk samstundes auka med inntil 100 dyr.

Mogelege årsaker til det uforklarlege svinnet på 170 dyr i Vest-Jotunheimen, vart freista forklart i denne rapporten: Kvifor går det nedover med villreinstammen i Vest-Jotunheimen? Denne rapporten nemner fleire mulege årsaker:

  • sjukdom og ulykker
  • jerv og kongeørn
  • uroing og inngrep i villreinområdet
  • dårlegare vinterbeite i deler av område, som medfører at dyra er i dårlegare kondisjon

Ein stor svakheit med denne rapporten ser me difor lett no i etterkant: At større flokkar har rømt ut av området vert ikkje nemnt, i alle fall ikkje som eies kan sjå. Men han har sagt det mange gonger før: Det har aldri vore rekna som noko større bedrift å vera etterpåklok! 

Tidlegare fekk eies ein del pepar for at han ikkje utan vidare utropte jerven til den store syndaren. Sjølv om eies fortvila har hevda at jervestamma med fordel kan reduserast mange stader, så er det tydeleg at folk vil ha ein syndebukk. Og finn dei ikkje ein syndebukk eller ein reinsbukk, så tek dei meir enn gjerne til takke med ein julebukk, eller rett og slett ein bukk…..

Det er gledeleg no å sjå at nedgangen i Vest-Jotunheimen-stamma har snudd! Men det er nok viktig å ha eitt breitt fokus (… ?) på kva som er årsaka til problema der inne. Så les gjerne rapporten eg linka til ovanfor ein gong til, og ver merksam på alle dei mulege årsakene. Dette er nok eit samansett problem, men heilt svart er det ikkje.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: