Ein film om bankbussen i Jostedalen og Luster

Kåre Hauge kjører Bankbuss for Luster Sparebank i Sogn og Fjordane. Siden 1967 har de små bygdene i området hatt fast besøk av den rullende banken (Foto: Speranza Film/NRK)

På nettet kan du sjå NRK sin fim om  Bankbussen sin siste tur i Jostedalen og Luster. Villreinen-bloggen ved eies nøler ikkje med å kåra dette til ein av dei aller beste filmane han har sett med tema frå det lokale livet i Jostedal og Luster. Han vurderer å oppretta “Den Gylne Gevirtapp” og dela denne ut ved ein høveleg anledning – gjerne til Kåre Hauge.

Dette var ein annleis fim. Herleg å få sleppa desse klisjefyllte filmklyppa med motiv frå Jostedalsnaturen, fossar, fjell og brear (- av bitter røynsle nemner han ikkje folkemusikk og bunad) med smilande turistansikt, industrihus i ekspansjon og lukkelege nyetablerte familiar. Sjølvsagt ikkje eit vondt ord sagt on desse – er det noko eies verkeleg set pris på, så er det sanneleg godt felespel, at det kjem nye folk til dalen, at turistane trivst her og at me har ei utruleg flott industribedrift i dalen!

Men av og til gjer det godt for sjel og sinn å sjå det heile frå ein annan vinkel. Å få perspektiv, kallar somme det. Etter å ha sett ein slik film, er eg sikker på at me alle lettare vil gle oss over alt det glade og lyse som sjølvsagt også finst i dalen som me er så glade i –  store, store mengder.

Terningkast 6.

4 kommentarar to “Ein film om bankbussen i Jostedalen og Luster”

  1. eies Says:

    Eg har høyrt diskusjonar om dette programmet over brunostskiva og kaffikoppen i matpausen. Meiningane har vore delte ….. kanskje….. Somme meinte det var ei “spesiell” vinkling, andre meinte at filmen var trist, deprimerande, mykje skodde, berre eldre folk (!) dårleg reklame for Luster mm.

    Etter å ha sett filmen, må eg seia meg ueinig i ein del av dette. No veit eg ikkje korleis profesjonelle reklamefolk jobbar, men er verkeleg dette dårleg reklame…?

    Av ein god nabo og kollega vart eg møtt med argumentet “Då meiner du at ALL reklame er GOD reklame!” Det var eg heller ikkje samd i.

    “Drep meg, herre konge, men ikkje med graut,” kom det fra Tormod Kolbrunarskald etter at ei pil ga han banesår under slaget på Stiklestad i 1030. Eg har lyst til å seia noko liknande: Drep meg gode reklamebyrå, men ikkje med klisjefylte naturfilmar og fint ver.

  2. Ida Kristine Says:

    Har sett den eg også🙂 Eg vil sei at det var ein bra film – som viste korleis ting er her framme😉 Eg vil heller sei at det heller er dårlegare reklame med all den skryten og bileta av den vakre naturen. I dei filmane/ klippa er det nesten berre fokus på naturen, og kor flott det er å bu der.Oftast har det våre klipp med berre positive og gode ting, og dei fleste veit vel at det ikkje berre kan vere positive ting på ein stad, det er negative også. Det kan for eksempel vere anna enn flott ver i Jostedalen heller. Filmen om bankbussen var 100% naturleg! Der fekk me også blant anna sjå både dårleg og bra ver. Eg syntest at det var eit koseleg program!

  3. eies Says:

    Det var kjekt at nokon var einig med meg 🙂

  4. kjellrun Says:

    Applaus!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: