Sukeladekake a la Elin

4 egg

375 g sukker

Dette vert vispa til eggedosis. Den vert nokso tjukk.

3 dl O’boy

375 g kveitemjøl

1 ts salt

1,5 ts natron

1,5 ts bakepulver

3 ts vaniljesukker

4,5 dl kefir

Alt dette vert blanda og sikta i eggedosisen. Vekselvis kefir og det turre.

260 g margarin vert smelta. Hell dette  i ein tunn stråle inn i røra til slutt, medan Mixmasteren går (sakte).

Steik kaka i stor langpanne, ved 175 grader, nedst i ovnen, om lag 30 min.

 

Glasur:

100 g smelta margarin

1 dl kaldt vatn

3 ts vaniljesukker

3 ss O’boy

1 pk melis

Til å røra dette saman er ein Mixmaster tingen.

Avkjøl kaka om lag ein time før du har på glasuren. Og gjerne litt strøssel, viss du har det.

Denne kaka er svært god, etter min smak. Saftig, men ikkje så tung som desse nymotens sjokoladekakene er. (Gode kan nok desse vera og, men mor mi hadde i alle fall sagt at kaka hadde sokke saman og at ho var mislukka…!) På grunn av den syrlege kefiren, er ho nokso haldbar.  Og har du ein Mixmaster, er kaka svært enkel å laga.

(Det vart sagt at denne kaka kan ikkje verta mislukka. Eg har laga kaka ein gong, førebels. Eg hadde ikkje margarin, så eg opna ein pakke “Kviteseid-smør”. Dette gjekk heilt fint, men muligens vart kaka litt tyngre enn “originalen”. Kanskje pga. smøret… )

 

5 kommentarar to “Sukeladekake a la Elin”

  1. Ida Kristine Says:

    Kaka var kjempegoe den ^^ Takk for oppskrift!!

  2. eies Says:

    Ja, men den du smakte so eg hadde laga, var litt “tung” (rå). Du skulle ha smakt orginalenn.

    “Sukeladekake a la Elin – en kake for deg, en kake for meg!” (eller omvendt…)

  3. Ida Kristine Says:

    Var god like vel🙂 ^^

    Sant so sant🙂

  4. fos Says:

    Fekk servert kaka av eies i dag, kan på de sterkaste anbefale den.

  5. eies Says:

    Denne kaka hadde eg nylegmed på øving i Jostedal Songkor, og fekk vellete for det. Eg brukte kulturmjølk i staden for kefir.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: