Er Jøstedølene fødde med ski på beina…

…  eller med med laptopen i fanget?

Liknande tankar vart utveksla då eies møtte dalens største klassisk-langrenns-entusiast på Bjønnstegane. Poenget var at dei flotte skiløypene som ma. Frank S.,  Steinar B. og Geir Vidar T. køyrer opp vert altfor lite brukte.

7 kommentarar to “Er Jøstedølene fødde med ski på beina…”

  1. ha Says:

    Det er no ei kjend sak leinger ute i kommunen at størstedelen av Jøstedølene likar best å køyra i laus-snø når dei skal heimatt fra skituren sin! Og då høver det dårleg med løypa framover.
    Men det er vel ein del som vert fødd med laptop i fanget dar framme og.

  2. eies Says:

    Det første du skreiv, forstod eg delvis, trur eg.

    Elles all respekt for Jøstedalskjæringane som må gå gjennom slike harde fødslar. Truleg litt lettare med laptop, men…

  3. ha Says:

    Det eg meinte var at det er andre stader dei reiser for å få størst mogleg utfordring når dei køyrer nedatt:

  4. eies Says:

    No forstod eg – trur eg!

    Eg skal ikkje forsvara desse som køyrer i laussnø, pudder – heiter det visst, skriveføre er dei og. Men mange av dei går laaaange motbakketurar her frammi og, kun for å renna ned-att på eit par minutt. Slike gutar og jenter fortener all respekt!

    Om dei strør litt rundt seg med pengar i skitrekket, så tykkjer eg det er heilt greitt. Spesielt for drifta av skitrekket.

  5. eies Says:

    Denne tråden vart eigentleg “spesial-designa” med tanke på SB. So no bør han snart koma med ein kommentar her og, ikkje berre på Frank sin blogg.

  6. SB Says:

    1000-gonger orsak, Eies. Har vore noko oppteken med å gå på ski sidan Jostedalen er staden der fritid er skitid, som slagordet lyder. Hellebøbloggen er på mange måtar alle Jostedalsbloggars mor (far) og dagen blir ikkje den same utan å vere innom her.
    Når det gjeld snø, ski og bygdefolk så har eg i vinter registrert færre lokalfolk ute på skitur, om det no er i løypene nord i dalen eller på topptur i den lokale fjellheimen. På somme av topptrimpostane er det ikkje mange signaturar å sjå i loggboka. Dette kan sjølvsagt skuldast ein noko kald og snøfattig før- og etterjulsvinter, at ein ikkje lenger går på desse stadene og/eller giddar skrive seg inn på posten. Men det kan og vere at jostedølene er så opptekne av å blogge at det ikkje blir tid til turar og friluftsliv. Kanskje eit oppdrag for Vestlandsforskning som kan finne ut av dette? Eller er det for lite kunnskap og kompetanse i utkant-noreg inkl. Jostedalen som medfører at m.a. den lokale ungdomen heller sit på den lokale kafeen og drikk kola og et potetgull i staden for å utforske laussnøen i heimefjella? Kanskje er det klassesamfunnet som syner seg fram her og? Det er som kjent langt mellom ‘ærlege’ kroppsarbeidarar i fjellheimen vår.

  7. eies Says:

    Viss valet står mellom å gå på ski sjølv eller å klaga si naud for at andre ikkje går på ski, så bør ein velja det første. Av og til gjer eg og det.

    Takk for kommentaren. Bloggen er liksom ikkje i “balanse” før der er ein kommentar frå SB!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: