Kvifor gjekk det gale med utsetjinga av rein i 1997… ?

I 1997 vart 37 tamreinar frå Røros sette ut i Luster. Håpet var at desse skulle bli starten til ei ny villreinstamme i kommunen vår. Diverre gjekk det ikkje slik, og restane av denne flokken reknar ein med er i Skjåk no.  Her kan du lesa 3 ulike forklaringar på kva som skjedde.

Dei skanna sidene er frå:  VILLREINEN 1998  ÅRBOK FOR VILLREINRÅDET I NORGE

  1. Per Jordhøy, NINA
  2. Einar Fortun, FJELLOPPSYN I LUSTER
  3. Knut Granum, OTTADALEN VILLREINUTVALG
  4. Hallvard Doseth, LESJA FJELLSTYRE

Tillegg:

Villrein-bloggen ynskjer å presisera at han ser på denne utsetjinga – i regi av Luster Landbrukskontar – som både prisverdig og rosverdig. Sjølvsagt kan me alle kritisera ein del av det som vart gjort. Men etterpåklokskap har aldri vore rekna som nokon stor kunst.

I dag har me mange gonger større sjansar til å lukkast med ei utsetjing:

  1. Profesjonelle fagfolk. Jonathan Colman er rein-forskar med doktorgrad. Han har ma. hatt den høgt respekterte Egil Reimers som «mentor».
  2. Økonomi 1. I samband med opprettinga av Breheimen Nasjonalpark, er det rimeleg å forventa midlar til eit slikt prosjekt. Hermund Mjeldestad er leiar i gruppa vår, og han er då kontaktleddet inn mot Fylkesmannen.
  3. Økonomi 2.  Også frå kraftutbyggjarane som har utført – og skal utføra –  utbyggjingar i eit sårbart høgfjellsområde, er det rimeleg å forventa økonomisk støtte.
  4. Økonomi 3.  Bedrifter og enkeltpersonar vil også koma til å støtta dette, berre det blir gjort eit grundig og seiøst plan-arbeid, der sjansane for å mislukkast vert minimerte.

Men ei utsetjing vil likevel alltid innebera mykje arbeid, og ein viss sjanse for å mislukkast. Men underskrivne meiner at me har aldri hatt – og me vil neppe få – ein betre sjanse til å gjera ei vellukka utsetjing. Dette håpar eg at medlemmene i reetableringsgruppa etter kvart vil forstå. Men endå viktigare er det at jegerar, grunneigarar, turistnæringa, fjellvandrarar og folk flest forstår at det er no me har sjansen. Det er no me har vår besøkelsestid.

Om nokre år kan «toget vera gått», sjølv om det heldigvis ikkje går togskinner i dette området.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: