“Kurs i gaupejakt” – Fagdag om gaupe

Det vert gratis fagdag på Skei Hotel onsdag 27. januar klokka 19.00 – 22.00. Påmelding innan måndag.

Les meir på NJFF Sogn og Fjordane

12 kommentarar to ““Kurs i gaupejakt” – Fagdag om gaupe”

  1. eies Says:

    Ja, no gjeld det om å stlla på kurs.

    I julehelgi var det vel truleg gaupespor i Bjørkehaugen. Og i dag er det gaupespor i Krundalen. Kunnige folk skal ha vore på staden.

  2. fos Says:

    Stille du? Eg får truleg ikkje tid

  3. alb Says:

    Gaupejeger Dag Bakka kjem truleg til dalen i slutten av månaden for å sjå på tilhøva og gje tips. Det vert truleg eit lite kurs på hotellet om kvelden.
    Kvar i Krundalen var det spor?
    Kven er den kunnige?

  4. eies Says:

    fos: Diverre så prioriterer ikkje eg heller dette, denne gongen. Etter at eg i fleire år (faktisk!) har prøvd å få i gang spele-øvingar i spelemannslaget – for dei vaksne, skal me ha første øvinga onsdag kvelden. Og eg kan ikkje forstå kva som skulle hindra meg i å stilla på den øvinga… ( – men dit skal vel ikkje du…?)

    alb: Flott tiltak du skisserer! ( – men kvifor er ikkje Skei-kurst meir kjent? Ingen av dei eg har snakka med visste om det. Kan det vera ein informasjons-svikt? Skal tru om landbrkskontoret kjende til kurset?)

    Eg har ikkje sett spori. Men forstod at dei var over Baggetun. Eg kan heller ikkje stadfesta det andre 100%, men tolka det dit hen at fjelloppsynet hadde undersøkt spori.

    So er spørsmålet: Kor gjer det seg best med eit gaupeskinn: På veggen, eller på golvet framfor peisen. Men ikkje har me peis, so det vert vel på veggen. Ein kamerat sa det også til meg at på golvet kom det truleg til å liggja i vegen heile tida…

  5. alb Says:

    Eg ville ikkje selge skinnet før gaupa er skoten.

  6. eies Says:

    Elde viss ein snur pao da:

    Viss eg hadde skote ei gaupa, so hadde eg alder selt skinnet!

  7. alb Says:

    Nei, ikkje eg helde.

  8. ha Says:

    Kurset på Skei vert arrangert av fylkeslaget i NJFF. Det er mogleg det som er grunnen til at det er lite kjend. Alle medlemmar som er registrert med e-post adresse i Luster jakt og fiskelag har vel fått mail om det.

  9. eies Says:

    Om eg er registrert med e-post, veit eg ikkje. Men eg har i alle fall fått skriv frå LJFF på e-post, meiner eg. Så dette får eg sjekka opp. Berre flaks at eg fekk “snappa opp” ryktet om dette kurset.

    Eg er ingen rovdyrhatar, men kvifor er ikkje gaupa på Kaupanger der det vrimlar av småvaksen hjort, etter som det vert sagt.

    At gaupa skal jakta på dei fåe hjortane som har valt å overnatta frammi her, tykkjer eg er dårleg gjort/hjort.

  10. liljelasguten Says:

    Kanskje det var ein ide å bedøva gaupene å sleppe dei att på Kaupanger?

  11. eies Says:

    liljelasguten: Den tanken har eg tenkt på ei god stund! Men eg våga ikkje skriva det her på bloggen. Mange stader brukar dei gaupebås til å fanga gaupe med og då måtte det også vera greitt å sleppa dei ut att på Kaupanger. Men det er neppe lovleg. So eg å du får holda dette for oss sjølve. Ikkje nemn det for ei levande sjel. For då går ryktet.

    Det er som det står i Håvamål: “Det éin veit, er utrygt hos to. Det tre veit om, veit alle.”

  12. eies Says:

    Ein annan ting: Det er visst svært mykje ørn på Kaupanger no. Folk er vortne redde for hundane sine, har eg høyrt.

    Og ørni tek nok svake hjortar og hjortekalvar.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: