Då eies og fjelloppsynet nesten kom i ugreie. Men berre nesten…

NRK Sogn og Fjordane kan fortelja at villreinstamma i Vest-Jotunheimen har auka med 12 dyr det siste året. Dette er sjølvsagt svært gledeleg!

Denne opplysningen var eg så “heldig” å få før dei fleste andre. Ei hyggeleg dame presenterte seg som journalist i ei “herverande regional kringkasting” (vart det rett…?). Ho fortalde meg den glade bodskapen, og  eg vart sjølvsagt glad for den. Så kunne ho fortelja at fjelloppsynet hadde uttalt at det var uttaket av jerv som hadde vore i området – som var årsaka til at reinstamma no var på veg opp att. “Javel”, tenkte eg, kva so….?” Sa det kanskje og. Den hyggelege dama heldt fram: “Men er ikkje du Villrein-bloggen…?”

Då forsto eg samanhengen: Den hyggelege dama ville at eg skulle seia noko slikt som at: “Nei, jerven drep ikkje rein…..Me må ha meir jerv” eller liknande.

For meg vart dette ein interessant lærdom om korleis journalistar og media arbeider.

No er det slik at eg har uttalt meg om jerv tidlegare. Både jaktkameratar og representantar for sauenæringa har antyda at eg har vore altfor “jerve-venleg” ved nokre høve. Står litt om dette her og her

Til liks med dei fleste, har eg aldri sett ein levande jerv. Ein del av det eg skriv har hatt grunnlag idet Terje Skogland og Per Jordhøy har uttalt og skrive.

Viss ein vil ha ein sakleg diskusjon om rovdyr her i Luster, er det ikkje spesielt lurt å visa til “vitskapen” og “forskarar” . So mykje har eg i alle fall lært. Og sjølvsagt er det viktig å lytta til det sauebønder, rein-driftarar, fjelloppsyn og andre på “grasrota” kan fortelja. Absolutt.

Skal også vera med på at vitskapsfolk og folk som opererer i kjølvatnet av desse kan ha gjort feilvurderingar og faunakriminalitet. Tenkjer då mellom anna på utsetjing av ulve-hund-hybridar i fjellområda.

Også vitskapen kan ta feil. Sjølvsagt. Og eies kan sjølvsagt ta feil. Eg oppfattar såleis at vitskapen td. er mindre “jerve-venleg” i dag enn berre for nokre år sidan.

Men som eg har sagt tidlegare: Sjølv om all jerv vart fjerna, ville sauenæringa stri med mesteparten av dei same problema dei har i dag, og som kan samanfattast i: Dårleg lønsemd. Det er problem nr 1!

Når det gjeld villrein er det delvis på same måten: Som eit straks-tiltak vil eg absolutt støtta uttak av endå meir jerv i Vest-Jotunheimen. Likevel: Det største problemet for villreinen er at han stadig misser meir og meir av urørte fjellområde (villmark) som reinen treng for å trivast. Og det er menneskeleg aktivitet i fjellet som er syndaren. Det er høgfjellsvegar, ukritisk fotturisme, turisme, hyttefelt og annan aktivitet som ikkje nødvendigvis må fjernast, men kontrollerast. Dei som har høyrt fjelloppsynet uttala seg, oppdagar at me her stort sett er heilt samde. Faktisk.

Men for den hyggelege journalisten, vart nok dette for kjedeleg. Ho ville ha konflikt, to personar som var lynande usamde.

Det fekk ho ikkje, denne gongen…

(For sikkerheits skuld: Eg er lisensjeger…! )

3 kommentarar to “Då eies og fjelloppsynet nesten kom i ugreie. Men berre nesten…”

  1. Knut Nybø Says:

    Det ser ut til at det går bedre i Vest-Jotunheimen etter uttake av jerv.

    Kalveteliga i 09 synte 49 kalv, 50% av fostringsflokken mot 7,8 i 06, 5,5 i 07, 5,9 i 08.
    Saueeigaren som møste 82 lamm i 08, møste 3 lamm i 09.
    Det syner kva innverkna jerven har hatt i Vest-Jotunheimen.
    Anngåande sauenæringa er eg einig, men ein må og ta med byrokrattie med sine mange påbud og reglar. eg trur at det er årsaken til mange
    dyretragdiar einkelte makta det ikkje og gje f–. Rovdyra er og ein grunn
    til at mange sluttar med sau. Når ein ser på kor stor % nedgang det er i
    sauebruk burde dei kansj rødlistast???.
    Når det gjeld villrein er eg einig, men den må vell forvaltast best mulig ut frå dagens tilstand.

  2. eies Says:

    Eg forstår deg dit hen at du meiner at byråkratiet med sine mange påbod og reglar er eit problem for sauenæringa. Det kan sikkert vera rett, men då vil eg leggja til at dette er eit problem for oss alle – heile samfunnet. Både som privatmann og i arbeidet mitt føler eg at det er eit stadig aukande byråkrati som stiller krav til oss. Skjema skal utfyllast, søknader skal sendast og rapportar og dokumentasjon skal skrivast.

    Du hugsar kanskje Flåt-Olen som sette ut rein på Molden i 50-åri? Kor mange skjema trur du han fyllte ut den gongen. Og trur du at han hadde fått lov til noko liknande i dag?

  3. Knut Nybø Says:

    Les NRK S.F. Godtek ikkje bot for felt jerv. Rovdyr skal jagast under
    angrep etter at sauen er dau har ein ikkje lov å avliva rovdyre for då
    er skadden skjed. Kva tid kann ein benytta seg av naudverje retten?.

    På den tiden det vart sett ut rein i Molden hadde gruneigaren ein vis
    råderett over sinne eigedommar i dag har dei ein dårlig husmanns
    kontrakt med byråkratiet. I dag hadde det vortte eit nei svar etter
    behandling av 27 råd og utvalg, 6-7 år etter søknad.
    Me går meir og meir mot eit stasi styre der naboa skall anmalda
    kvarandre. Det blir vell eit trivlleg samfund?.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: