Håkon Høgemo

Til helgi er det kurs og konsert. Mellom anna med Håkon Høgemo.

———————————————————————————————

Eies har tidlegare fått ulike reaksjonar for ting han har skrive om felespel. Det kan de lesa litt om her og her og her.  Men eies vil også streka under at han også har møtt mykje forståing blant dei som forstår kva dette dreiar seg om.

Dette har litt med  “omdømebygging” å gjera. Olav Sande har visstnok skrive at i Jostedalen var det ei fele og ei børse i mest kvar ei stove (hus). Og eg trur nok at mange ser på Jostedalen som ei slags “folkemusikkens høgborg” – i alle fall her i Sogn.

Det som eg no tykkjer er utruleg positivt og lovande, er at det ser ut til at me etter mange års strev og møye, endeleg kan få til faste øvingar i spelemannslaget. Også for dei som ikkje er nybegynnarar. Opplæringa med dei yngste er i dei beste hender, ma. gjennom musikkskulen og Jostedal Spelemannslag, men noko tilbod for dei eldre har det merkeleg nok vore uråd å få til. Bortsett frå “skippertak” framfor kappleikar og andre større arrangement.

No ser det endeleg ut til at me kan få til øvingar annakvar veke i Gaupne, tidspunkt og startdato vert forhåpentlegvis klart i løpet av helgi. Instruktør og leiar vert truleg ei flink hardingfele-spelande jente frå indre deler av kommunen, men med mykje slekt i Jostedalen.

Viss dette går i orden, vert eies hoppande glad. Men han har vorte skuffa før, og tykkjer enno at dette nesten er for godt til å vera sant…

——————————————————————————————-

Kurset var ein stor inspirasjon! Me gjekk gjennom 4 nye slåttar:

  1. Vassdalslåtten (Syndebukken), springar etter Sjur Hesjevoll
  2. Silkjegulen (Håstadbøen), springar  etter Sjur
  3. Hei so dansa jenta mi, springar etter Sjur
  4. Gangar etter Myllarguten,  etter Gjermund Haugen

Det vert no øvingar på gamle yrkesskulen i Gaupne annankvar onsdag klokka 18.45. Første øving vert onsdag 13. januar.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: